Firda vidaregåande skule.

– Nærmiljø bør telje tyngst for inntak til vidaregåande i Vestland

Inntaket til vidaregåande skular i Vestland bør ikkje berre baserast på karakterar. Alle elevane i fylket bør ha rett til å gå på ein skule i nærleiken av der dei bur, meiner eit fleirtal av hovudutval for opplæring og kompetanse.


Bakgrunnen for vedtaket er at fylkestinget seinare i år skal vedta kva modell som skal gjelda for inntak til vidaregåande skular i Vestland. Fylkesrådmannen har rådd til at fylket blir delt i to inntaksområde – tidlegare Hordaland og tidlegare Sogn og Fjordane. Innanfor desse regionane meinte fylkesrådmannen at karakterar bør avgjere kva skule og utdanningsprogram elevane kjem inn på.


Denne prioriteringa er ikkje fleirtalet i hovudutval for opplæring og kompetanse einige i. Fleirtalet føreslår heller at Vestland fylkeskommune følgjer det såkalla nærskuleprinsippet, skriv fylkeskommunen i eit nyheitsbrev.


Det betyr at elevane skal få plass på ein skule nær der dei bur, og at inntaket ikkje berre skal vere basert på karakterar. Fleirtalet ønskjer samstundes at elevar som ønskjer det, skal ha rett til å søkje seg til andre skular i Vestland, heiter det.


– Nærskuleprinsippet handlar om at vi ønskjer å ha eit meir rettferdig inntakssystem som ikkje berre baserer seg på karakterar. Vi ønskjer også å gje elevane våre fleire rettar ved at dei får ein rett til å gå på næraste skule. Dette er altså ein rett og ikkje ei plikt. Det vil difor vere mogleg for elevane å søkje seg til andre skular om dei av ulike grunnar ønskjer det, utdjupar Karianne Torvanger, som er leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.


Hovudutvalet meiner også det bør vere eit prinsipp at ingen elevar skal ha ufrivillig lang reiseveg. Fleirtalet i hovudutvalet ønskjer også at alle elevar på studieførebuande utdanningsprogram skal ha rett til å fullføre utdanninga si på den skulen dei startar på.


Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka til hausten.


(©NPK)