Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Nærmar seg tusen påmelde

Mange vil vere med i kampen om premiane under Jølster Aurefest i helga. Ein splitter ny bil og ein ditto båt står øvst på premielista.

Nærmar seg tusen påmelde

Då fristen for å melde seg på til Jølster Aurefest via Internett gjekk ut seint onsdag kveld, var nesten tusen personar registrerte som deltakarar i den store fiskekonkurransen med ein bil som hovudpremie.

Arrangøren håpar å setje ny deltakarrekord, den gamle frå i fjor er på 1.111 fiskarar.

– Heilt ideelt

– Det er høve til å melde seg på i stemnekontoret ved Skei Hotel fredag kveld og laurdag. Nettpåmeldinga er omtrent som i fjor, så vi har framleis håp om ny rekord, seier styreleiar Finn Årdal.

Alt ligg til rette for ei strålande helg i Jølster. Dei siste vêrprognosane tyder på overskya opphaldsvêr og gode temperaturar under sjølve fiskekonkurransen som føregår midt på dagen laurdag.

– Dette er heilt ideelt for sportsfiske, konstaterer Årdal.

Bil og båt

I tillegg til bilen, ein Volvo V40 Cross Country til ein verdi på 371.000 kroner, lokkar arrangøren med ei rekkje andre flotte premiar. 2. premien er ein Øien plastbåt verd 32.500 kroner, og 3. premien er ein robotklyppar som kostar 7.990 kroner ved kjøp i butikk.

Tyngste fisk blir premiert med 10.000 kroner. Alle deltakarane – uavhengig av om dei får fisk eller ikkje, er med i trekninga av tre mindre pengepremiar, samt fiskeutstyr.

Folkefest

Det føregår mange aktivitetar i Jølster i helga. I morgon kveld er det mellom anna fiskekveld for dei yngste ved Lundeelva, og på Skei Hotel blir det vist fargefilm frå den første fiskekonkurransen i 1958.

Premieutdelinga finn stad laurdag ettermiddag, på kveldstid kan du høyre Vestlandsfanden, Olav Stedje og partybandet Flying Dancing Kings frå Bergen på hotellet.

– Alt ligg til rette for at dette blir ein skikkeleg folkefest, reklamerer Finn Årdal og legg til at den røynde arrangørstaben har det meste under kontroll før storhendinga.