Stisykling er eitt av satsingsområda til selskapet.

Vil ta deg med ut i naturen

Guidingselskapet Nordfjord Aktiv er allereie godt i gang med sesongen, og står klare for å gje turistar og lokale ei fin oppleving i vill og vakker vestlandsnatur.

Sidan april har selskapet mellom anna tilbydd guiding for cruiseturistane på Nordfjordeid.

Nordfjord med kajakk og sykkel

– Vi møter dei ved skipet, og tar dei med på ein tre timar lang kajakktur på Eidsfjorden. Dette er stort sett fulle turar, noko som viser at det er mange som har lyst å oppleve Nordfjord frå kajakk, seier Olin Johanne Henden, dagleg leiar i Nordfjord Aktiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kajakk og stisykling er satsingsområde til selskapet om sommaren.

Henden fortel at dei har eit godt samarbeid med Nordfjord folkehøgskule på Vereide.

Kort veg til fjorden

– Vi er stasjonerte på Vereide i år, med kort veg ned til fjorden, og kajakkturane og -kursa våre har start der. Stisyklane er òg plasserte på folkehøgskulen, men vi har moglegheit til å bringe syklane dit du er om det skulle vere behov for det.

Nordfjord Aktiv tilbyr kajakk-kurs og -turar frå 1. juli til 7. august i sommar.

Nordfjord Aktiv vidarefører aktivitetsnivået frå i fjor. I tillegg til dei faste turane og kursa, lagar guidingselskapet ulike opplegg for grupper og familiar.

Skreddarsyr

– Vi har eigne program med lagbyggingsaktivitetar for næringslivet, og kan skreddarsy ein dag for firma som ønskjer det. Det same kan vi gjere for familiar som ønskjer seg ein fjelltur og eventuelt ein kombinasjon av turar og kurs. I år har vi òg laga til ein båldag for familiar og grupper, seier den engasjerte leiaren.

Olin Johanne og resten av gjengen i Nordfjord Aktiv får òg besøk av fleire skuleklassar. Då står kajakk og stisykling står på programmet, med pizzabaking i Trivselsskogen som bidreg til høg kos-faktor.

Selskapet har fire faste guidar som opererer ut frå basen på Sandane.

– Vi har fått tak i veldig godt kvalifiserte guidar, så vi har tru på at dette blir ein skikkeleg fin sommar, akkurat som fjoråret blei det, smiler Henden.