Norsk Countrytreff er endeleg tilbake, og ifølgje arrangøren blir det fullt framfor scena på Norsk Fjordhestgard i år òg. Her frå konserten med Tanya Tucker i 2018.

– Vi ligg veldig godt an

5 dagar, 17 konsertar, 27 artistar og 700 dugnadssjeler - Norsk Countrytreff er tilbake med full styrke 13. - 17. juli

Etter to år der pandemien herja og la si klamme hand over det meste av kultur- og festivalliv, er det mange arrangørar som ønskjer sommaren 2022 hjarteleg velkomen.

Dobla salet

I Breim står dei klare til å vere vertskap for Vestlandets største countryarrangement, og festivalsjef Arve Kleppe er ved godt mot nokre dagar før det brakar laust i Breim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er i rute med anlegg og alt som skal vere på plass, og per i dag har vi om lag selt det dobbelte av det vi selde i 2019 på same tid. Vi ligg veldig godt an, smiler han.

Det er mange hender som skal trå til for å få eit arrangement av denne storleiken i hamn, men i dugnadsbygda Breim er dei vane med å stille på.

– Ja, mannskapssjefen min er fornøgd, vi har godt og vel 700 personar som stiller på for å hjelpe til desse dagane, seier Kleppe.

Nummer 26

Han og resten av gjengen i Breim står spennklare i startgropa og ventar på å ta i mot det største tal artistar som det populære arrangementet nokosinne har hatt.

Årets festival er nummer 26 i rekkja, og allereie onsdag brakar det laust med Åsmund Åmli Band i Kolbeins Saloon på Fjordhestgarden.

– Etter det går det slag i slag med 30 timar musikk berre på festivalområdet desse dagane, og i tillegg er vi ute i bygdene i heile Gloppen, frå Hyen til Byrkjelo, med konsertar for dei eldre, dei unge, og alle midt i mellom, seier han.

Fullstappa program

Kleppe klarar ikkje å trekkje ut eit høgdepunkt ifrå programmet.

– Det er berre høgdepunkt, ler han, og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokre av dei største banda i Noreg spelar i Breim denne helga, som Hellbillies, Gunslingers, Vassendgutane, Get Rhythm, Rotlaus og Ila Auto. Så har vi Carlene Carter, Whey Jennings og Seth Mulder frå over dammen. Vi har heilt bevisst lagt opp til eit fullstappa program, for å lokke folk ut igjen etter to år i dvale. Etter mi meining er dette det beste programmet vi har hatt, konstaterer countrysjefen.

Cash i kyrkja

Konserten i Breim kyrkje er eitt av festivalen sine mest populære innslag, og laurdag spelar åtte band, mellom anna Get Rhythm som covrar Johnny Cash sine låtar.

– Stedottera til Cash, Carlene Carter, er siste artist ut i kyrkja, og det blir nok ei oppleving for både ho og publikum å høyre det norske bandet.

No ventar Kleppe og festivalgjengen berre på at vêret skal vende godsida til. For skal ein tru på meldingane er det ikkje akkurat tropevarme i vente neste veke.

– Nei, eg har snakka med presten, og han kunne dessverre ikkje hjelpe meg. Men berre folk kler seg godt trur eg dette skal gå bra. Når musikken er i gang og stemninga er god har vêret ikkje så mykje å bety lenger, konkluderer festivalsjefen.