Solfrid Bjørkum gler seg til å få vise fram både nye og gamle elevar.

Musikklinja fyller 40 år

Både Sandane-dagane og musikklinja ved Firda vidaregåande skule fyller 40 år i 2018. Musikklinjejubileet skal feirast heile skuleåret med opning under Sandane-dagane.

Fleire musikarar er inviterte til jubileumskonserten på Heradsplassen laurdag 25. august, og desse vil stå for eit variert og samansett program.

Ei linje med lang historie

For mange har musikklinja ved Firda vore viktig, då dette er den einaste linja i fylket av sitt slag. For fleire har musikklinja vore starten på ei solid musikkarriere.

– Då linja kom til Firda i 1978, starta ho som ei teoretisk linje, noko som vil seie at faga var bygde på teori og utan instrumentalopplæring. I tillegg gjekk alle på skulen same linje, med dei same faga, det første året. Det var ikkje før i andre klasse at ein kunne velje linjer som musikk eller idrett, fortel avdelingsleiar for musikk, Solfrid Bjørkum.

– I 1987 fekk vi ei reform som gjorde at linja vart meir praktisk retta, men det var ikkje før i 1988 at ein starta med instrumentalopplæring. Sidan har linja vore både praktisk og teoretisk, med ein avsluttande eksamenskonsert, seier ho.

Viser musikklinja i heilheit

I tillegg til noverande musikkelevar er òg tidlegare elevar frå Gloppen blitt spurde om å kome til Sandane i samband med jubileumskonserten.

– Vi har mange flinke elevar vi kunne ha spurt. Linja har hatt, og har enno, mange talent, seier avdelingsleiaren.

Saman med dei tidlegare elevane, skal elevar frå både andre og tredje klasse ved skulen delta på konserten. Bjørkum forklarer at dette vil vise linja i heilheit, gjennom ei god blanding av både musikarar og innslag.

– Dei tidlegare musikkelevane kan fungere som inspirasjon for dei noverande. Elevane våre, og andre, får moglegheita til å sjå at det går an å satse på musikk. I tillegg er det jo kjekt å få framheve glopparar, smiler ho.

Ho fortel at elevane skal ha fri i sommarferien, og noko organisert øving på førehand vert det ikkje. Dei vil framføre stykke som dei har øvd inn tidlegare.

Kjende ansikt på scena

Ein av dei tidlegare elevane som deltek er Elisabeth Gimmestad. Ho skal synge opera, og vert òg å høyre på Gloppen omsorgssenter under Sandane-dagane.

I tillegg skal Sofia Hyttedalen frå Sandane delta med eigenprodusert musikk. Sofia skal begynne i tredje klasse ved Firda vidaregåande skule til hausten. Stella Birthe Poland frå Hornindal kom til semifinalen i Norske Talenter 2018. Ho skal til i andre klasse på Firda og spelar harpe. Også ho deltek på konserten til musikklinja under Sandane-dagane.

– Eg trur dette vert ein veldig fin konsert, med stor variasjon frå harpe til band. Det vert ein flott start på jubileumsåret vårt, smiler Solfrid Bjørkum.