Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Musikkfesten er offisielt i gang

Etter å hatt fleire konsertar og arrangement frå tysdag av vart Gloppen musikkfest offisielt opna torsdag kveld.

Musikkfesten er offisielt i gang

Torsdag kveld vart Gloppen musikkfest offisielt spelt i gang i kultursalen. Tema for året er Norden, og opningskonserten vart ein tur i heile det skandinaviske musikklandsskapet.

Musikkfesten har alt hatt ei rekkje konsertar, både i Gloppen og ute i «distriktet» – Nordfjordeid, Ålhus og Flekke, men torsdag kveld var det på tide å opne festivalen for alvor.

– Ei gåve til oss alle
Turen starta heime på Vestlandet, i Bergen, med ein klavertrio av Edvard Grieg, der festivalen sine kunstnarlege leiarar Per Kristian Skalstad og Audun Sandvik spelte saman med Tor Espen Aspaas.


Tor Espen Aspaas, piano, Per Kristian Skalstad, fiolin, og Audun Sandvik, cello spelte Edvard Grieg.

– Kling det av Norden? Det kling av språket vårt, av naturen, litteraturen, mytane, sagaene, historia. Alt har sin klang, sa Skalstad då han ønskte velkomen etter det første stykket.

Her sende han også ein tanke til festivalen sin grunnleggjar, Are Frode Søholt, som døde for seks år sidan.

– Vi saknar han og minnest han med takksemd. Han, saman med Hanne, starta noko fantastisk. Når vi no har drive festivalen vidare,  er det med den same drivkrafta; Ønsket om å formidle musikk til publikum og stadig nye publikummarar, sa han.

– Vi framfører ikkje musikken berre for dykk. Vi framfører den for rommet. Vi framfører musikken for musikken sin del, og for kunsten. Vi framfører den for oss sjølve. Slik vert det ei kollektiv oppleving. Ei gåve til oss alle, avslutta Skalstad.

Norden rundt
Den musikalske turen gjekk vidare til danske Hans Abrahamsen sitt stykke «Landskaper». Her fekk blåsarane presentert seg. Abrahamsen er ein av Danmark sin leiande samtidskomponistar, og for publikum var det nok eit litt uvant musikalsk uttrykk både i klang og rytmikk. Så reiste konsterten fort innom Sverige, Finland og Island, og tre songar av komponistane Tore Rangström, Jean Sibelius og Sigfus Einarsson. Konserten vart avslutta tilbake i Noreg med ein oktett for strykarar av Johan Svendsen.

I dag startar festivalen med lunsjkonsert i lokala til Frydenbø Bilsenter, med distriktsmusikarane i fylket. Fredagskvelden opnar med to nordiske gigantar, Jean Sibelius og Carl Nielsen, i den nyoppussa heradsstyresalen, og dagen vert avslutta med ein kammerskonsert i kultursalen.


Musikken, og framføringa av den, vert ei kollektiv oppleving, ei gåve til oss alle, sa Per Kristian Skalstad, kunstnarleg leiar saman med Audun Sandvik, då han ønskte velkomen til opningskonsert torsdag kveld.