Ingrid Vik Lysne.

Museumssøndag med redesign og gjenbruk

Ingrid Vik Lysne er kjend for mange etter å ha delteke i den store symeisterskapen på NRK i 2017. Søndag 24. februar kan du få tips og triks frå henne på Nordfjord Folkemuseum.

– Å sy om og lage noko nytt av gamle tekstilar har ein drive med langt tilbake i tid. Før vart det gjerne gjort fordi det var nødvendig – stoff og tekstilar var dyrt. Kleda gjekk i arv, og når ein kjole eller ei bukse var utslitt, kunne den gjerne bli sydd om til barneklede eller eit anna plagg. I dag kjøper vi stort sett nytt, seier formidlingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Eva Marie Felde.

Fokus på tekstil

Nordfjord Folkemuseum har denne hausten og våren hatt fokus på tekstilproduksjon. I utstillinga «Tekstilarbeid – frå fiber til tråd» får publikum eit innblikk i kor tid- og ressurskrevjande det var å gjere fibrane om til tråd, kva reiskapar ein har brukt og ikkje minst kva ein dyrka og laga sjølve i Nordfjord. Komande søndag ynskjer museet å setje søkelys på ei anna side av tekstilproduksjonen.

– Før 1850 var det meste av tekstilar heimelaga av ull og lin, medan i dag importerer vi omtrent alt av tøy og klede. I 2016 importerte vi 78 000 tonn klede, eller kring 15 kilo per person, berre til Noreg. Samstundes veit vi at tekstilindustrien er ein miljøversting på fleire måtar. Heldigvis har interessa for omsaum og redesign av tekstilar og klede blomstra opp att og fått ein ny vår, seier Felde.

Stor interesse

Auka miljøbevisstheit er ein faktor som spelar inn, og på sosiale medium kryr det av bilete og oppskrifter merka med redesign, gjenbruk og syom. Også NRK har sett at interessa er stor, og dei har sidan 2014 sendt det populære programmet «Det store symeisterskapet», der omsaum og ny design av gamle plagg har vore viktig. Ingrid Vik Lysne deltok i sesong tre av programmet, og er etter kvart blitt spesielt kjend for omsaum av gamle dukar og anna som ho deler med følgjarane sine på Instagram.

– Vi gler oss veldig til å få besøk av henne. Ho vil kome med tips og triks om korleis ein kan gjere det velbrukte og slitte favorittplagget sitt om til ein ny skatt. Vi vil også vise nokre klede og gjenstandar frå samlinga vår som kan knytast opp til temaet, så det er berre å glede seg, seier Felde.