Ingrid og Maria Ose kan vere svært godt fornøgde med sin første festival. Her urframfører dei Henning Kraggerud sitt stykke «Mantra-Metamorfosen».

– Mozart likte ikkje fløyte, men det var fordi han ikkje hadde høyrt Ose-søstrene

 

 

* – Desse jentene her spelar rett frå hjartet og gjev alt      * Uvilkårleg suksess for ny festival

 

Superlativa sat laust hjå mange etter konsertane i Ingrid og Maria Ose sitt Musikkeventyr i helga.



Det byrja med «Vårdraum» i Sandane bedehus fredag, og heldt fram med «Tvillingsjeler» og «Bergteken» i kultursalen i Trivselshagen laurdag og søndag.

Formidlarglede

På konserten i kultursalen laurdag entra Ingrid Ose scena først i lag med ein av våre mest kjende fiolinistar, Henning Kraggerud, og den verdskjende celloisten Natalie Clein, med stykket «Polacca» frå Serenade i D-dur, av Ludvig van Beethoven.

– Vi kan ikkje la vere å spele Beethoven når det er 250 år sidan han vart fødd. Eg gleder meg altso so mykje til å spele for dykk, sa Ingrid med eit smil.

Og gleda var lett å spore i alle som stod på scena denne kvelden. Fellesskapskjensla skein tydeleg gjennom, og gjorde at vi som publikummarar berre kunne lene oss tilbake og nyte musikk som heldt eit høgt nivå. Både Petter Richter på gitar, og Johanna Ander Ljung på harpe stråla i sine soloframføringar, og Christian Ihle Hadland var briljant på pianoet.

Vi fekk servert musikkstykke frå Franz Schubert, Felix Mendelssohn Bartholdy, Gabriel Faure og Zoltán Kodály, og ei nydeleg avslutning med Mozart sin «Sinfonia Concertante», 2. sats, eit stykke som Henning Kraggerud skildra som noko av det vakraste i heile musikkhistoria. Her briljerte Maria Ose ilag med Kraggerud på bratsj, Natalia Clein på cello og Christian Ihle Hadland på piano.

Urframføring

Det var kanskje likevel knytt størst forventningar til Kraggerud sitt stykke «Mantra-Metamorfosen», som han har skrive spesielt for tvillingane Ose. Kraggerud er ein svært anerkjend komponist med over 200 verk på merittlista.

– Korleis var det å høyre uroppføringa av stykket ditt?

– Å, eg må seie at det er ein draum for ein komponist å få uroppført eit stykke so bra! Vanlegvis skjer ikkje det før det er blitt spelt ein god del gongar. Desse jentene her spelar rett frå hjartet og gjev alt. Eg kan knapt hugse ei uroppføring nokon gong som har vore betre enn den vi fekk høyre her, seier Kraggerud tydeleg engasjert.

Han meiner den dedikasjonen desse to jentene har til musikk, er akkurat det musikkverda treng no, og rosar dei for måten dei formidlar historia si i musikken.

Tar seg fridom

– Dei brukar musikken for å utrykkje seg sjølve og si eiga historie, og det er jo akkurat det ein skal. Dei tar seg fridom i partituret, og seier: «Her har vi meir lyst å gjere det slik», og dei har alltid rett. Vi er blitt altfor musiale i klassisk musikk, og for opptekne av å spele det nøyaktig slik dei store komponistane skreiv det. Men det er ikkje i komponistane si ånd det, dei ville jo at musikken skulle utvikle seg, og vere levande, konkluderer Kraggerud.

Han siterer komponisten Gustav Mahler for å utrykkje gleda si over kva tvillingane Ingrid og Maria Ose har fått til:

– «Vår oppgåve på jorda er å bringe flammen vidare, ikkje å oppbevare oska». Og difor er det meiningsfullt å bruke tid med jentene, fordi dei bringer verkeleg flammen vidare.

Fløyta stig i popularitet

Kraggerud var svært begeistra for Sandane bedehus som konsertlokale.

– Ikkje til forkleining for denne salen, men bedehuset er eitt av dei beste og mest spanande konsertlokala eg har spelt i, og eg håpar verkeleg eg får sjansen igjen til neste år, seier han.

Det kan sjå ut som fiolinisten og fløytistane har ein gjensidig respekt for kvarandre, og Kraggerud har ein misjon om at han skal hjelpe dei å kome i kontakt med dei aller beste musikarane.

– Dei er heilt fantastiske allereie, og no gjeld det berre at resten av verda oppdagar det same som vi har gjort, fortast mogleg.

Han fortel at han har spelt ein del konsertar med jentene, og publikum kommenterer ofte at stykka hans gjer seg endå betre på fløyte enn fiolin, sjølv om fløyte ikkje alltid har vore det mest populære instrumentet.

– Du sa sjølv under konserten at fløyte var eit instrument du før ikkje var so begeistra for?

– Nei, eg var ikkje so glad i fløyta før. Mozart likte heller ikkje noko særleg dette instrumentet, men det var fordi han ikkje hadde høyrt Ose-søstrene, smiler Kraggerud lurt.

Store opplevingar

Anna Henden frå Sandane var ei av dei som fann vegen både til bedehuset fredag og kultursalen laurdag

– Vi har gleda oss veldig, for vi veit at Ose-tvillingane leverer på høgste plan. So flott at dei kjem heim! Vi er so heldige her i Gloppen å få oppleve slik fantastisk musikk, det er store opplevingar vi får vere med på, seier Henden entusiastisk.

Ho hadde kjøpt seg festivalpass til helga, og var svært begeistra etter at to av tre konsertar var gjennomførte. Ho meinte konserten i kultursalen var eit einaste stort høgdepunkt med mange suverene musikarar, men var ekstra glad for å få oppleve Johanna Ander Ljung på harpe.

– Det er sjeldan eg får oppleve harpespel, so det er spesielt flott. Det er eit krevjande instrument, fortel ho.

– Nydelege arrangement 

Celia Engstedt og Olav Skinlo var òg strålande fornøgde med kveldens musikkoppleving.

– Det er faktisk noko av det vakraste eg har opplevd. Det var nydelege arrangement, nydelege utøvarar, og dei hadde so god dynamikk med kvarandre, og slik god kommunikasjon. Det var tydeleg at dette var noko dei elska å gjere saman, seier Celia.

Begge to trekte fram kor flott det var at ein fekk høyre dei einskilde instrumenta so godt.

– Det var ei fin oppleving å høyre slike vare instrument, som sjølv i samspelet skilde seg ut, meiner Olav.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå at Ose-tvillingane er noko heilt spesielt, eg er verkeleg imponert, legg Celia til.