Ingen personar kom til skade då to bilar kolliderte i Ytre Kandal torsdag morgon

Møteulukke i ytre Kandal

Torsdag morgon kolliderte to bilar i Ytre Kandal. I alt fire personar var involverte. Ingen fekk alvorlege skadar. Alle naudetatane var på plass

Ulukka skjedde litt før klokka ni torsdag morgon ved brua i Ytre Kandal. Både politi, Gloppen brann og redning og ambulanse rykte ut.
Det var tre personar i den eine bilen og berre føraren i den andre. Ingen vart så skadde at dei vart frakta vekk med ambulansen. Derimot vart det betydelege materielle skadar på køyretøya. Politibetjent Rognald Dvergsdal er varsam med å seie noko om årsaka til kollisjonen.
- Men det var passasje for to bilar på staden. Det framstår som den eine bilen var komen over i den andre køyrebana, seier han og opplyser at det er oppretta sak på hendinga.