Heim   >   Nyhende   >   Møter to studentlag i Bergen

Møter to studentlag i Bergen

GHK sitt herrelag skal spele mot BSI og BI i Bergen denne helga. Damene har heimekamp mot BSI laurdag.

Etter ein trøblete start på sesongen har Gloppen-herrane fått meir dreis over spelet og står med fire strake sigrar på nyåret. Med siger i begge kampane i helga, vil laget faktisk toppe tabellen – rett nok med fleire spelte kampar enn dei hardaste konkurrentane.

I dei motsette oppgjera i september, blei det 14-21-tap mot BSI og uavgjort 31-31 mot BI. Vi satsar på at det blir meir enn eitt poeng i dei to kampane denne gongen.

GHK sitt unge damelag står framleis utan poeng etter 14 kampar. BSI har sanka 16 poeng på 10 kampar og blir soleklare favorittar i Trivselshallen i morgon ettermiddag.