Home   >   Nyhende   >   Mot ny rekord i straumforbruket

Illustrasjonsfoto.

Mot ny rekord i straumforbruket

Trass skyhøge straumprisar brukar vi meir straum enn nokosinne, viser tal frå NVE.

Så langt i år er forbruket nærmare tre prosent høgare enn på same tid i fjor, opplyser rådgjevar Martin Andreas Vik i Norges vassdrags- og energiverk (NVE) til NTB.

– Vi ser førebels ingen teikn til at folk har begynt å spare på straumen, seier han.

Forbruket opp

Ein kald vår drog opp straumforbruket i år totalt sett, og det ligg an til å bli 2,8 prosent høgare enn i fjor, ifølgje NVE. I så fall vil det vere tredje år på rad med ny rekord i straumforbruket.

Med haust og kaldare tider i anmarsj har folk igjen begynt å skru på panelomnane sine, påpeikar Vik.

Ein annan viktig grunn til det auka straumforbruket, er at norsk økonomi går godt.

– Ein god del av økonomien er basert på kraftkrevjande industri, seier Vik.

Andre moglege årsaker til det auka straumforbruket kan vere større befolkning og fleire elbilar på vegane.

Prisen opp

Den tørre sommaren gav 40 prosent mindre nedbør i norske kraftmagasin enn normalt i andre kvartal. Det har igjen ført til høgare straumprisar, og i store delar av landet er det tolv år sidan straumprisane var like høge i august som i år.

Samtidig skal ein ikkje mange år tilbake før straumprisane var endå høgare enn i dag. I februar 2010 nådde spotprisen fleire stader i landet opp i nesten 80 euro per megawattime, mot i overkant av 50 euro i august, viser statistikk frå NordPool.

Førebels ser det ikkje ut til at straumprisane vil gå særleg ned med det første, ifølgje Vik.

– Vi antar at prisane først vil vere nede på normalen neste sommar, seier han.

Ny normal?

Men kva som faktisk er normalen, er eit godt spørsmål, medgir NVE-rådgjevaren.

– Vi kan nok seie at normalen har flytta seg oppover. Globalt sett er energi blitt dyrare på grunn av mangel, seier han.

I tillegg har strengare klimapolitikk og høgare CO2-avgifter auka prisen på fossil energi, noko som gir større etterspørsel etter rein, norsk vasskraft.

– Det driv også prisane oppover, seier Vik. (©NPK)