Møt «Lovleg»-forfattaren

Serien Lovleg er slutt, men tysdag kveld kan du møte serieskaparen, Kjersti Wøien Håland, på Lauget. Det er Gloppen mållag som har invitert Wøien Håland tilbake til Gloppen.

Gjennom to sesongar har vi fulgt rollefiguren Gunnhild og dei andre hybelbuarane på Sandane gjennom skule og fritid langt heimefrå. Men så var det slutt. Serieskaparane har annonsert at det ikkje vert ein sesong tre frå hybelhuset. Det er ikkje alle glade for. Så langt har over 1200 personar signert eit opprop om å gje Lovleg ein sjanse til.

- Den er mykje meir enn berre god underhaldning. Serien tek opp problemstillingar rundt identitet, sjølvbilete og kjønn på heilt nye måtar, heiter det i oppropet, som også ber NRK slå eit slag for dialektar og nynorsk, poesi og primærfargar.

«Alle» visste at det vart spelt inn fjernsynsserie på Sandane og på Firda vidaregåande skule gjennom sommaren 2018, men særs få kjende i byrjinga til kven som stod bak serien. Etter kvart viste det seg at det var den tidlegare Firda-eleven Kjersti Wøien Håland frå Høyanger som var serieskapar og manusforfattar. Ho var elev ved dramalinja frå 2004 til 2007, og har seinare utdanna seg som manusforfattar ved Den norske filmskulen og gitt ut fleire bøker.

Tysdag er Wøien Håland attende på Sandane, og då vil det kanskje verte mogleg å høyre forfattaren sine tankar om serien og gjengen på hybelhuset, og om andre delar av forfattarskapet.