Dagleg leiar Steinar Sægrov (t.h.) og avdelingsleiar Peder Langeteig Sande kan glede seg over at vaskeriet til Mona Vekst har sikra seg den desidert største kontrakten sin nokon gong.

Mona Vekst sikra storkontrakt

– Vi vinn kontrakten fordi vi er best på kvalitet og leveringstryggleik, seier dagleg leiar Steinar Sægrov og avdelingsleiar Peder Langeteig Sande.

Sist veke vart det endeleg klart at Mona Vekst på Sandane har sikra seg kontrakten på vaskeritenester for 15 kommunar i Sogn og Fjordane, samt tannhelsetenesta i heile fylket. Verdien på den fire år lange kontrakten er stipulert til 40 millionar kroner.

70 prosent

– Av desse 15 kommunane har åtte vore med på gjeldande avtale som vi har hatt i fire år. To nye har meldt seg på, tre andre har høve til å kople seg på og to har vi hatt på eigne avtalar tidlegare, fortel Steinar Sægrov.

Han er sjølvsagt glad og letta over at avtalen som sikrar god sysselsetjing ved verksemda han leiar, endeleg er i boks. Det same er vaskerileiar Peder Langeteig Sande.

– Fylkesavtalen har stått står for 70 prosent av aktiviteten på vaskeriet, vi risikerte å stå att med berre 20-30 prosent, seier Langeteig Sande og fortel at avdelinga per i dag sysselset sju instruktørar og 16 arbeidstakarar.

Les meir i papirutgåva måndag.