– Batteria på basestasjonane, som er nødløysinga dersom straumen blir kutta, har for dårleg kapasitet, seier varaordførar Jakob Andre Sandal i rasramma Jølster kommune. Foto: Audun Braastad/NTB scanpix/NPK.

- Mobilnettet er for sårbart

Ein krevjande situasjon vart vanskelegare på grunn av mangel på telekommunikasjon, meiner varaordførar Jakob André Sandal (SV) i rasramma Jølster kommune.


Varaordføraren skildrar nokre hektiske døgn. Han sat heime då han fekk beskjeden om rasa tysdag. Sidan ordføraren var på Austlandet, var det Sandal som trådde til i heimkommunen.


– Vart endå vanskelegare

Innbyggjarane i områda som vart ramma av ras, var utan straum, mobildekning og internett.


– Ein krevjande situasjon vart dermed endå vanskelegare, seier Sandal.


Mange urolege pårørande som ikkje fekk tak i sine næraste, ringde kommunen.


– Fleire hadde snakka med sine medan mobilnettet enno fungerte og fått høyre at dei stod innesperra mellom to ras, eller at dei var i rasområdet, seier Sandal.


Han skildrar situasjonen som uoversiktleg, og førespurnadene heldt fram utover natta.


– Det som har skapt mest trykk hos oss, er førespurnadene frå pårørande, seier han.



For dårleg batterikapasitet

Sandal meiner denne situasjonen viser at mobilnettet er for sårbart. Batteria på basestasjonane, som er nødløysinga dersom straumen blir kutta, har for dårleg kapasitet, seier han.


Til saman fem basestasjonar frå Telenor er nede i området. Ingen av dei er trefte av rasa, men ein fiberkabel som går inn til basestasjonane, har vorte øydelagt.


Sandal meiner mobilinfrastrukturen må bli sikra betre mot slike hendingar.


– Når straumen er borte over tid, er det for dårleg batterikapasitet på basestasjonane. Desse kunne hatt lengre levetid, sånn at vi kunne hatt mobilsamband, seier han.



Mann antatt omkomen

For å hjelpe engstelege pårørande, laga hjelpemannskap på Vassenden ei liste over alle som kom til evakueringssenteret der.


– Det vart vanskeleg å få overlevert lista sidan vi var utan nett, men til slutt fekk vi lese den opp over nødnettet, seier Sandal.


Lista vart sjekka mot namna som pårørande hadde oppgitt til kommunen og politiet. Onsdag morgon stod dei igjen med 30 personar det ikkje var gjort greie for, og politiet jobba heile dagen med å få kontakt med desse personane. Onsdag kveld var alle gjort greie for.


Ein mann i 50-åra er antatt omkomen. Mannen har tilknyting til Jølster.


– Dette set sitt preg på heile bygda. Dei materielle skadane kan bli reparerte, men når det er snakk om menneskeliv, blir det ekstra tungt. Det er veldig trasig, seier Sandal. (©NPK)