Meshach Slontee Jlaka scora fem mål og vart kåra til heimelagets beste.

Mister stortalent

GHK var sjanselause mot serieleiarane Gneist i Trivselshallen, og tapte den siste heimekampen for sesongen 19-36.

Også denne kampen vart det for mykje sjansesløseri og stang ut. Med sigeren kan gjestane langt på veg feire opprykk til 2. divisjon ved sesongslutt.

Mister talent
Berre dei første fem minutta av kvar omgang var GHK på høgde med gjestane, men etter kvart som omgangane gjekk auka forspranget sakte men sikkert. Alt til pause var det i realiteten avgjort kven som tok poenga med heim. Femmålsscoraren er nøgd med måla, men meiner dei kunne ha gjort det betre.

– Vi burde vere tryggare på den planen vi hadde lagt. I staden byrjar vi å tvile og gjer ikkje som vi skal, oppsummerer han.

Meshach vart kåra til heimelaget sin beste spelar laurdag ettermiddagen, men GHK får ikkje glede av han lenge. Til hausten flyttar førsteklassingen, som går studiespesialiserande på Firda, til Bergen.

Litt spenning att
Dermed hamnar GHK i ingenmannsland midt på tabellen, og i laget er det truleg berre eitt lite spenningmoment igjen før siste kamp i Bergen. Kven vert toppscorar for sesongen? Ørjan Horne Sundal står med 108 mål og Runar Gåsemyr har 106 mål når ein kamp står att.

Gloppen – Gneist 19-36 /9-16)
GHK:
Aleksander Eide, Eirik Hovstad (2), Paul Remi Kvandal (1), Thomas Niiranen Hamre (1), Runar Gåsemyr (2), Øyvind Fougli Vraalsen, Erik Koopmans, Arne Osnes Devik, Isaac Habtemariam (1), Sivert Elvebakk Engeset (1), Meshach Slontee Jlaka (5), Ørjan Sundal (6)