Home   >   Nyhende   >   Mister framleis lyttarar

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk/NTB scanpix/NPK.

Mister framleis lyttarar

Hittil i år har delen som dagleg lyttar på nasjonale radiokanalar, vore 55,9 prosent – eit markant fall frå 2017. Nisjekanalane har sikra posisjonen sin.

I 2017 låg delen daglege lyttarar på nasjonale kanalar på 63,2 prosent, mens det i 2016 – før den nasjonale FM-sløkkinga – var på 67,6 prosent.

Den kvartalsvise utviklinga i lyttetid har vore relativt stabil så langt i 2018, med rundt 72 minutt dagleg lytting. Samanlikna med tidlegare år har lyttetida gått ned. I 2017 og 2016 var lyttetida på høvesvis 79 og 85 minutt, ifølgje Medietilsynet sine tal.

– Det vil bli interessant å følgje utviklinga i radiomarknaden i 2019 for å sjå om lyttarmønsteret endrar seg, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.(©NPK)