Nick Moss Band med tillegg av Dennis Gruenling deltek på minnekonserten i kultursalen i Trivselshagen søndag.

Minnekonsert for blues-eldsjel

Søndag 2. september vil Fjæra Bluesklubb halde ein minnekonsert til ære for styremedlem Peter Holvik Lothe, som gjekk bort i april i år.

Peter var kjend som ein sentral person i Fjæra Bluesklubb, mellom anna som styreleiar i mange år. Han var òg aktiv i samarbeidsorganisasjonar for musikklivet i Gloppen, som Gloppen Scene og Festivalforum. I tillegg var han svært oppteken av klubben sitt samarbeid med Firda vidaregåande skule, og at klubben aktivt skulle arbeide for eit tilbod til dei unge. For sin lange innsats for musikkmiljøet og bluesen vart han i 2017 tildelt æresmedlemskap i Fjæra Bluesklubb.



Politisk aktiv

Peter var òg aktiv i fleire andre organisasjonar i Gloppen opp gjennom åra, og var politisk engasjert som medlem av Arbeidarpartiet.  Han hadde ein stor omgangskrets, snakka med mange og hadde mykje kunnskap om lokalhistorie. I tillegg var han oppteken av å ta vare på historie og tradisjonar. Mellom anna har han dei siste åra vore svært sentral i oppstart av Nordfjordbåtlaget, og deira arbeid med å ta vare på denne delen av den lokale kulturarven.

Med Peter Holvik Lothe sin store friviljuge innsats som bakteppe, ønskjer Fjæra Bluesklubb å heidre minnet hans med ein konsert i Peter si ånd. Han hadde ei stor musikkinteresse og ei imponerande platesamling. Peter likte mykje forskjellig musikk.

– Det kan dukke opp låtar frå både Bob Dylan og The Beatles i løpet av konserten. Dette er artistar som Peter sette særleg høgt, seier Leif Egil Verpeide, som har vore styremedlem saman med Peter Lothe heile tida.

Frå Chicago til Sandane

Det blir musikalske innslag frå Eirin Alden Sæthre og Vegard Hjartholm, som begge er medlemer av styret i bluesklubben. Frå klubben sitt ungdomsband SILO deltek Halvor Nesbakk og Iver Strand Senneset. Nick Moss Band med tillegg av Dennis Gruenling på munnspel er i Europa på turné. Dei er det fremste bluesbandet frå Chicago i USA, og var på Sandane for tre år sidan då dei var hovudnamn på FjordBlues. Denne helga er dei i Noreg og vil kome tilbake til Sandane for å spele på minnekonserten søndag.

Konserten blir arrangert i kultursalen i Trivselshagen. Det blir ein rimeleg inngangsbillett for å dekke utgiftene med arrangementet. Fjæra Bluesklubb vonar mange vil vere med å heidre Peter Holvik Lothe denne kvelden.

 

Peter Holvik Lothe var ei eldsjel både i bluesklubben og andre frivillige organisasjonar i Gloppen.