Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   «Mine sanger», ein liten jubileumskonsert

Breimskoret sin dirigent, Solfrid Bjørkum, har vore 30 år i Gloppen. Søndag blir det jubileumskonsert i Vereide kyrkje.

«Mine sanger», ein liten jubileumskonsert

For 30 år sidan kom Solfrid Bjørkum som distriktsmusikar til Gloppen kommune. Den gongen var ho musikar i lag med Øyvind Lyslo og Hanne Grete Heen, og søndag blir det igjen duka for eit nytt musikalsk møte i Vereide kyrkje.

Solfrid Bjørkum har vore dirigent for Breimskoret sidan 1996, og koret har lenge ønskt seg ein konsert i Vereide kyrkje. No slår denne gjengen seg i hop og inviterer til jubileumskonsert med tidligare distriktsmusikarar og Breimskoret i kyrkja!

Her blir det spennande tilbakeblikk frå repertoaret distriktsmusikarane hadde på 90-talet. Publikum får blant anna høyre igjen sør-amerikanske tonar som til dømes «Gracias a la vida» med flott gitarspel til. Det blir reprise på songar frå Duke Elllington sin Sacred consert i tillegg til religiøse folketonar.

I tillegg til soloar kjem Breimskoret til å ha ei sentral rolle i konserten. Sidan det er farsdag, vil vi heidre alle fedrar med å synge «Vise til far» av Sigrid Moldestad. Arne Søholt, Geir Eikenes og Jakob Leiv Kroken blir med som musikarar til koret.

– Vi kan love ein variert konsert i mørketida som vil gje varme i den vakre Vereide kyrkje, seier Solfrid Bjørkum som har sydd i hop eit vakkert repertoar til konserten.