For 15. gong kunne Helge Hafsås gå over mål som vinnar av Jølster Maraton

Milslukaren frå Olden imponerte igjen

- Eg melde meg ikkje på før rett før fristen gjekk ut i går kveld, fortalde Helge Hafsås etter å ha teke ein relativt klar siger på den lengste distansen under Jølster Maraton.



Grunnen til nølinga var at han har hatt ein skade i eine leggen i tre veker og dermed var usikker på om han ville klare å gjennomføre.

Langt avbrekk

-Eg har heller ikkje trena på tre veker så eg var veldig usikker korleis dette ville gå. Men eg fann ut at eg ville prøve. Det er trass alt betre å prøve enn å sitje heime og deppe når starten går og angre på at eg ikkje var med, sa Helge som i dag tok sin 15. siger i Jølster Maraton, ein rekord som skal bli vanskeleg å slå.

- Det er nokre år sidan eg vann her sist, så det var no kjekt, sjølv om det var frykteleg tungt på slutten. Når vi blir tekne att av femkilometersfeltet nokre kilometer før mål, brukar eg å henge meg på damene, men det klarte eg ikkje i dag, fortalde Hafsås som ikkje visste sikkert korleis det blir med foten framover.

Øygard tok fem-kilometeren

Mange hadde nok venta å sjå Eivind Øygard på startstreken på ein eller annan distanse, men slik vart det ikkje. Øygard vart observert på rulleski nedover sørsida av Jølstravatnet, men han var på plass i målområdet når broren, Knut Olav vann fem kilometeren relativt klart.

-Eg har problem med eine akillesen og har fått beskjed om å ta det med ro. Difor er eg ikkje med i dag, sa Eivind som ikkje trudde det hadde blitt nokon duell med broren om han hadde vore med.

-Eg har ein pers i denne løypa som er eitt og eit halvt minutt betre enn det han vann på i dag, smilte mannen som reknar med å vere i orden att til NM på Byrkjelo.



Håvard imponerte

Den som imponerte mest på fem-kilometeren var Håvard Klakegg frå Jølster. 16-åringen kom inn på tredje beste tid totalt og var sjølvsagt godt nøgd med det.

-Eg hadde som mål å komme under 17 minutt og det klarte eg med god margin, fortalde Håvard som hadde som mål å halde jamn fart, noko han klarte med glans.

Maratondistansen for damer vart vunnen av Cecilie Landro frå Sotra. Totalt nesten 400 løparar i konkurranseklassane gav ny deltakarrekord.



 

Hinsidige Mc har ni medlemmer som alle køyrer Harley
Cecilie Landro frå Sotra leia maraton for damer frå start til mål.