Heim   >   Nyhende   >   Millionstøtte til fjordsenter

Slik kan Fjordsenteret Marheim i Fjærland verte sjåande ut, men prosjektet er framleis på skissestadiet. Skissa er utarbeidd av Reiulf Ramstad Arkitekter.

Millionstøtte til fjordsenter

– Fjærlendingane har på gang ei ny spennande satsing med Marheim og det er positivt at fylkeskommunen no går inn med 2 millionar kroner for å støtte denne realiseringa seier gruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, etter at fylkestinget har vedteke å støtte realisering av Fjordsenteret Marheim i Fjærlad med 2 millionar kroner.

– Vi fekk ein flott presentasjon av initiativtakarane på gruppemøtet vårt og det er viktig for satstinga at vi no er inne med eit bidrag i prosjekterings- og oppstartfasa.  Eg har god tru på dette prosjektet, ikkje minst er det viktig når no Hurtigruta planlegg fast rute til Fjærland. Sogndal kommune har tidlegare gått inn med 1 million kroner i prosjektet.

– Å satse på reiseliv på Vestlandet har vist seg å vere ein suksess i over 100 år og eg er sikker på at vi vil sjå ein aukande vekst i turismen også i åra framover seier Reksnes.

Fylkestinget ber i sitt vedtak også om at Vestland fylke i framtida vil bidra med investeringsmidlar når prosjektet er klart for realisering.

– Dette er ei framtidsretta satsing og eg både håpar og trur at denne vert realisert i nær framtid avsluttar Reksnes.