Distriktssjef Petter Tennefoss er distriktssjef i Certas Energy Norway AS og var til stases på Skei i dag for å følgje monteringa av den nye stasjonen.

Milliardkonsern med bensinstasjon på Skei

I går dukka det plutseleg opp ein ny bensinstasjon på Skei, få dagar etter at bensinstasjonen til Ola Fugle gjekk over frå Esso til Circle K.



På tomta til Firda Billag, rett vest for Skei sentrum, står det no ein ministasjon med Esso sine fargar og logo. På postlista til kommunen ligg det søknad om dispensasjon frå krav om byggemelding og nabovarsel for mellombels minianlegg for drivstoff.

Internasjonalt selskap

Selskapet som no etablerer drivstoffstasjon på Skei er Certas Energy Norway AS, eit dotterselskap til irske DCC, gjennom morselskapet DCC Energy Holdings Norway AS. Det irske selskapet hadde i fjor ei omsetning på rundt ti milliardar pund og det norske dotterselskapet hadde i 2018 ei omsetning på 2.9 milliardar med 61 millionar i driftsresultat. Certas har hovudkontor i Bærum.

I 2017 kjøpte Certas  Energy Norway AS alle dei selskapseigde Esso-stasjonane i Noreg.

- Det vil seie at vi kjøpte dei stasjonane som Esso åtte fullt og heilt, det vil seie ca 160, fortel distriktssjef i Certas , Petter Tennefoss, som var til stades på Skei i dag for å  følgje med på rigginga av den nye stasjonen som består av ein stor container med tre tankar og ei drivstoffpumpe i ein enden. Alt er plassert rett på bakken og er tilkopla straum. Stasjonen som er mellombels, i påvente av eit permanent anlegg, har ein kapasitet på 35.000 liter drivstoff.



Ønskje frå kundar

-Kvifor etablere ein ny Essostasjon på Skei. Er målet å konkurrere med Ola Fugle og stasjonen hans.

-Grunnen til at vi etablerer eit drivstoffpunkt her på Skei, er ønskje frå fleire av våre store transportkundar som har avtale med Esso og som treng Skei som fylleplass. Men når det er sagt, så kunne vi godt ønskt oss Ola tilbake til Esso, han dreiv godt på alle måtar og eg har kjent han i mange år, heilt sidan den tida eg dreiv bensinstasjon sjølv.

For oss er god stasjonsdekning viktig, men vi satsar sjølvsagt på å vere billegast på drivstoff på Skei. Konkurranse er alltid eit poeng og for kundane her i området vil det vere gunstig med to stasjonar og konkurranse, trur distriktssjef Tennefoss som satsar på å få den nye stasjonen opp og gå i morgon (fredag)



Første i sitt slag

Stasjonen som blir etablert på Skei, er nummer 30 i rekkja av automatstasjonar, men den på Skei er den første av sitt slag her til lands og er produsert i Sverige. Den blir fjernstyrd på alle vis, men vil ha ein lokal "vaktmeister" til å ta seg av vask, rydding og mindre vedlikehald.

På denne stasjonen blir det berre vanleg diesel og bensin å få. Når den permanente stasjonen kjem på plass vil det vere tankar for både farga diesel og Adblue.

-Sidan volumet på tankane er så pass lite, satsar vi på berre to typar drivstoff no, elles ville det bli hyppige fyllingar av tankbilane som køyrer enten frå Ålesund eller Bergen, seier Tennefoss som hadde hatt litt småting reint teknisk å stri med då vi var inn om. Men ting hadde ordna seg så han såg lyst på utsiktene til å få opna stasjonen i morgon.

-Blir det opningstilbod no i starten?

-Vi satsar på å køyre ein roleg og pen start, så får vi sjå, var svaret på det.

Den mellombelse stasjonen tek 35.000 l og vart fyllt opp i dag.
Distriktssjef Tennefoss såg at tankane vart fyllte opp og i morgon håpar han at stasjonen er i drift.
Den mellombelse stasjonen på Skei er den første i sitt slag her i landet og er produsert i Sverige.