Home   >   Nyhende   >   Miljøorganisasjon vil ha færre husdyr

Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Miljøorganisasjon vil ha færre husdyr

Framtiden i våre hender seier kjøtforbruket i Noreg må halverast og oppfordrar husdyrbønder til å leggje om drifta, skriv Nationen.

Kjøtforbruket i Noreg går nedover for første gong sidan 2010, går det fram av tal frå Animalia.

I fjor sette vi til livs 53,3 kilo kjøt kvar, og det er 0,6 kilo mindre per person enn året før.

Miljøorganisasjonen Fremtiden i våre hender er glade for nedgangen.

– Det viser at folk tar inn over seg at vi av omsyn til klimaet må redusere kjøtforbruket. Nivået vi har på kjøtforbruket no er ikkje berekraftig. Både næringsliv, styresmakter og kvar og ein må ta ansvar for å få ned klimautsleppa. Redusert forbruk av kjøt er noko av det enklaste folk kan gjere, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender, til avisa.

Ho håpar kjøtforbruket held fram å gå ned.

– Sannsynlegvis må kjøtforbruket i Noreg halverast både ut frå behovet for å fø ei aukande befolkning og av omsyn til folkehelsa og klimaet. For ei yrkesgruppe som bønder som alt er under eit sterkt press, er det avgjerande at ein gjer om på landbrukspolitikken slik at dei kan omstille seg og at det lønar seg å drive med anna enn husdyr, seier ho.

Norges Bondelag meiner nedgangen i kjøtforbruket er dårleg nytt for landbruket.

– Forbruket skifter frå norsk kvalitetskjøt til andre måltidsløysingar. Det fører til at vi beveger oss frå norskprodusert mat til eit meir vegetarisk kosthald og meir importerte ingrediensar. Det ser vi på som negativt for norsk landbruk. Det fører til redusert verdiskaping i landbruket, viss den trenden held fram. Vi vil oppfordre alle til å nyte norske grønsaker og norsk kvalitetskjøt, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, til Nationen. (©NPK)