Heim   >   Nyhende   >   Mild vinter kan gi meir flått

Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien/NTB scanpix/NPK.

Mild vinter kan gi meir flått

I delar av landet har det vore ein veldig fuktig og mild start på året. Held mildvêret fram, er det gode nyheiter for flåtten, ifølgje zoolog Petter Bøckmann.

Mildvêr vinterstid er òg gode nyheiter for hjortelusfluga og brunsniglane, opplyser han til NRK.

– Dette er insekt og dyr som ikkje toler frost. Held vinteren fram som han er no, blir det mykje av dei i år, seier Bøckmann, som er zoolog og universitetslektor ved Naturhistorisk museum.

Hittil i vinter har det vore fråvær av snø og minusgrader mange stader i landet. 2. januar vart det sett to varmerekordar i Møre og Romsdal med 18,6 grader i Åndalsnes og 19 grader i Sunndalsøra.

Det milde vintervêret kan òg føre til insektdød, ifølgje zoologen. Årsaka er at insekta vaknar på grunn av det varme vêret, men finn ikkje mat. Det er òg ein del temperaturstyrte plantar som kan kome i vanskar i varmt vintervêr. (©NPK)