Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Mezzoforte til Trivselshagen

Mezzoforte. Pressefoto.

Mezzoforte til Trivselshagen

Laurdag 28. september blir det islandsk festaftan i kultursalen når Mezzoforte står på scena. 

Kulturhuset Trivselshagen feirar ti år i år, og det merkar ein på repertoaret. No er Mezzoforte klar for konsert i kultursalen til hausten.

Med sin instrumentale jazz/funk/fusion var Mezzoforte det første islandske bandet som oppnådde internasjonal suksess, og hadde blant anna ein stor hit med «Garden Party» i 1983. Dei er kjende som eit svært bra liveband, som imponerer stort med samspelet, presisjonen og soloprestasjonane sine.

Bandet stiller knallsterkt med alle dei fire originalmedlemene, Fridrik Karlsson, Eythor Gunnarsson, Gulli Briem og Johann Asmundsson. Med seg har dei også svenske Jonas Wall på saksofon og islendingen Ari Bragi Karason på trompet m.m.

Mezzoforte har 13 album i bagasjen, der «No limits» og «Surprise surprise» er dei mest kjende. Her er det berre å glede seg til ein groovy kveld med klassiske hits frå Mezzoforte!