Kunnskapsminister Guri Melby under regjeringa si pressekonferanse om koronaviruset i marmorhallen i Oslo. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix.

Melby: Lite sannsynleg at skulane blir stengde igjen

Om koronavirusepidemien blussar opp igjen, er det veldig lite sannsynleg med ein ny nasjonal nedstenging av skulane, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).


– Ei stenging av skulane over heile landet verkar veldig lite sannsynleg, seier ho til NTB.


Melby peikar på at både skulane og styresmaktene no er betre førebudd, med rettleiarar og modellar for korleis skule og barnehage kan haldast i gang i eit samfunn med smitte.


– Hadde vi hatt ein rettleiar klar 12. mars som alle var klar over, er det godt mogleg at vi kunne halde det gåande lengre, men det hadde vi ikkje, seier Melby.


Smitteverneffekten av stengde skular ser òg ut til å vere mindre enn anteke, og Holden-utvalet, som har sett på dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av koronatiltaka, anslår at kostnaden ved skule- og barnehagestenginga var 6,7 milliardar kroner i månaden.



Helsedirektoratet: Usannsynleg

Medan Folkehelseinstituttet ikkje tilrådde skulestenging, tilrådde Helsedirektoratet regjeringa å stengje både barnehagane og skulane 12. mars. Helsedirektør Bjørn Guldvog seier til NTB at det ikkje er sannsynleg at tiltaket er noko dei vil tilrå på nytt.


– Det må naturlegvis vurderast kor alvorleg situasjonen er, og eg vil ikkje sjå bort frå at vi kan tilrå det igjen, men det er usannsynleg og vil ikkje vere blant dei første tiltaka vi vil setje i verk om vi får ein ny oppblussing, seier han.


Veldig mange land valde å stengje barnehagar og skular, men smitteverneffekten har kanskje ikkje vore like stor som ein trudde, ifølgje Guldvog.


– Vi har meir kunnskap i dag om at effekten kanskje ikkje er like stor som vi frykta i midten av mars, seier han.



Forventar full opningstid neste veke

Onsdag ettermiddag varsla kunnskapsministeren ein ny smittevernrettleiar for skular og barnehagar. Rettleiaren er utforma som eit trafikklys, og frå måndag er det «gult lys» i norske skular og barnehagar. Gult lys betyr at drifta kan takast omtrent opp att som normalt, med normale gruppe- og klassestorleikar.


Mange skular og barnehagar har hatt eit redusert tilbod etter at dei opna i slutten av april. Ifølgje Holden-utvalet har dei reduserte opningstidene kosta samfunnet 1,3 milliardar kroner i månaden. Men i løpet av neste veke forventar kunnskapsministeren vanlege opningstider og eit fullverdig tilbod.


– Skal ein redusere tilbodet til barn, må ein ha ei god grunngiving for det. Har ein ikkje plass til alle, så er det ei grunngiving, men når ein no kan gå tilbake til dei vanlege klassane sine, er det vanskeleg å sjå ei god grunngiving for at ein ikkje kan gi eit fullverdig tilbod, seier Melby.


– Så trur eg vi må tole at det for nokre skular og barnehagar tek nokre dagar å omstille seg igjen, legg ho til.


(©NPK)