– Vi skal vere ei regjering som er på lag med lærarane

Eg har sjølv fått oppleve kor avgjerande det er å bli sett og få hjelp i skulen. Den støtta unner eg alle born og ungdom å få oppleve.

Etter ein spennande valkamp går dagane no for fullt med å sveise saman ei regjeringsplattform. Litt arbeid står att, men vi i Arbeidarpartiet ønskjer i lys av verdas lærardag å legge fram ein ny politikk som både rekrutterer fleire lærarar og set ein stans for høgresida si avskilting av dei mest erfarne lærarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen er enkel: Alle elevar fortener kvalifiserte lærarar som har tid til dei.

Mange unge menneske drøymer om å bli lærarar. Dei brenn for språk, historie og samfunnsfag, og har alle føresetnadar for å verte gode lærarar for borna våre. Diverre vert mange hindra av det rigide kravet om at alle må ha karakteren fire i matte. Det skal den nye Arbeidarparti-leia regjeringa rette opp i.

I ein lærarmangel er det uklokt å halde fram med ei avskilting av våre mest erfarne lærarar. Framfor å tvinge dei til å bruke sine siste yrkesaktive år til å sitje på ein skulebenk, skal vi heller anerkjenne kompetansen deira og la dei få gjere jobben sin.

Høgreside-partia må roe seg litt ned med påstanden om at lærarane våre ikkje er gode nok. For det er dei. Det lærarane treng no er tid og tillit til å gjere jobben sin.

Eg hadde ikkje klart meg utan den gode hjelpa i skulen. Læraren som såg meg og hadde tid til meg vart redninga. No er det vår oppgåve å sørge for at fleire får oppleve den same støtta.

Fakta om satsinga til den nye regjeringa:

• Fjerne «avskiltinga» av lærarar utdanna før 2014

• Rekruttere tilbake lærarar som har slutta i yrket

• Løfte ein nasjonal rekrutteringskampanje til lærarutdanninga, som er særleg retta mot menn

Artikkelen held fram under annonsen.

• Erstatte inntakskravet på fire i matematikk med meir treffsikre opptakskrav på lærarutdanninga