Stortingsrepresentant Olve Grotle.

Vestlendingen kjenner verdien av privat næringsliv

Vi vestlendingar veit meir enn nokon andre at eit sterkt privat næringsliv er ein føresetnad for å kunne finansiere velferdssamfunnet vårt. Tanken står svakare til lengre ut på venstresida ein kjem, men Arbeidarpartiet hadde òg ein gang «skape og dele» som slagord. No er det dessverre mykje som tyder på at regjeringa ikkje forstår at verdiar må skapast før dei kan delast.

Mykje av grunnlaget for at det offentlege kan tilby gode velferdstenester, er at landet vårt er fullt av menneske som har idear, engasjement og vilje til å ta risiko for å starte og drive bedrift. Dei bidrar med arbeidsplassar og skatteinntekter som gjer at vi kan tilby velferdstenester – anten det er snakk om rask og sikker helsehjelp, utdanning for alle med høg kvalitet, eller andre viktige tenester som politi, forsvar og infrastruktur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nettopp fordi næringslivet alltid har vore ein viktig del av den norske modellen, har Norge med skiftande regjeringar ført ein føreseieleg skatte- og næringspolitikk. Skattane våre har aldri vore lågast, men dei har relativt sett vore stabile for næringslivet. På den måten har bedriftene akseptert eit høgare skattenivå, og politikarane har fått meir skattepengar å rutte med til gode formål.

I haust skjedde det eit skifte. Regjeringa gjekk bort frå det som var føreseieleg og stabilt då den brått og uventa auka skattane for norske bedrifter og jobbskaparar med mange milliardar kroner. Dette har særleg gått utover Vestlandet, kor havbruk og kraftproduksjon kan få skattekrav som overstig overskotet i bedriftene. I motsetnad til det offentlege har næringslivet på Vestlandet òg fått ei ekstra auke i arbeidsgivaravgifta, som samla sett utgjer over 500 millionar kroner.

Regjeringa sin handlemåte står i sterk kontrast til det som har vore ein god norsk tradisjon, nemleg grundig utgreidd og godt diskuterte skattereformer som har utvida skattegrunnlaget og gitt større skatteinntekter – samtidig som det ikkje har redusert næringslivet sin aktivitet eller investeringsevne. Der det har vore fornuftig, har det òg blitt gitt skattelette.

Vi lever i ei uroleg tid, og det er derfor ekstra viktig at politikken er stabil og føreseieleg. Når bedriftene samtidig fortel om den svakaste framtidstrua sidan finanskrisa, må politikken bidra med optimisme og tru på framtida – ikkje kaste bedriftene ut i uvisse som gjer at nye investeringar ikkje ser dagens lys.

Eg vet ikkje om regjeringa har begynt å sjå konsekvensane av sin eigen politikk. Det eg derimot har sett, er regjeringsparti som no tar avstand frå eige valkamp-slagord, og at regjeringa har sett i gang kampanjar i sosiale media kor dei forsøker på ein retorisk snuoperasjon.

Næringslivet fortener respekt, seier dei no. Men har dei respekt når dei skal «ta dei rike» og kallar jobbskaparane for «kaksar» og «baronar»? Og kvar er respekten for næringslivet når stabile og føreseielege rammer for næringslivet blir ofra for å finansiere eigne valløfte?

Respekt for næringslivet vil det derimot vere å tenkje annleis, både om skatteforslaga dei har kome med, og måten det er blitt gjort på. For å prøve å bøte på den rekordlåge tilliten regjeringa har hos næringslivet, må den no opne for ein reell dialog med næringar som er klare for å bidra meir til fellesskapet gjennom skattesetelen, legge bort prestisje når eit forslag viser seg å ha store negative og uheldige sider, og vise at den verkeleg meiner alvor når det blir invitert til breie forlik.