– Venstre krev eit løft for fylkesvegane

Snart blir det lagt fram ein ny Nasjonal Transportplan. I ein slik plan er det alltid kjekt for dei store partia å snakke om dei store, dyre prosjekta – fjordfrie kryssingar og firefelts vegar.

Venstre har vore tydelege i våre prioriteringar inn mot ny Nasjonal Transportplan: Gul stripe på E39 og dei andre hovudvegane våre – og eit kraftig løft for «det gløymde vegnettet»: Fylkesvegane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sogn og Fjordane har utrulege 2.600 kilometer fylkesvegar, som utgjer eit finmaska nett som bind saman små og store bygder i heile fylket med større sentra. Fylkesvegane er «kvardagsvegen» for både arbeidspendlarar, næringstrafikk, fritidsreiser og gåande og syklande – stort sett alle desse om kvarandre på dei same tronge vegane bygd i ei anna tid med langt mindre trafikk enn i dag. Mange av vegane er også utsette for ras.

Skal vi gjere kvardagslivet i Sogn og Fjordane endå betre, trengst det no eit løft for fylkesvegane der også staten bidreg langt sterkare enn i dag. Vi må få ein kraftig auke av innsatsen på rassikring, vi må få utbetra og breidde-utvida dei viktigaste næringsvegane, og vi må jamt over få opp standarden og tryggleiken på heile fylkesvegnettet.

Venstre kan ikkje love milliardar til alle prestisjeprosjekt – men vi kan love at Venstre vil slåst for kvardagsvegane. Difor er meir pengar til fylkesvegane på topp på vår liste over krav til ny Nasjonal Transportplan.

Alfred Bjørlo og Gunhild Berge Stang,

1. og 2. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane stortingsvalet 2021