Ukraina: Ei tid for å stå saman

24. februar 2023 er det eitt år sidan Russland sin fullskala-invasjon i Ukraina. Sidan då har vi opplevd dei mest omfattande krigshandlingane i Europa sidan 1945, den verste humanitære krisa og dei største flyktningstraumane. Hundretusenvis er drepne eller såra. Fleire millionar ukrainarar er på flukt.

Likevel – midt oppe i elenda og alle dei vonde lagnadene – lever håpet. Diktatoren Putin har så langt ikkje lukkast. Han klarte ikkje å «rulle over» Ukraina og okkupere landet på få dagar, slik planen var. Ukrainarane si forsvarsevne og forsvarsvilje var for sterk. Og svaret frå dei vestlege demokratia var å stå saman og stille opp for Ukraina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor er det meste av Ukraina framleis fritt, sjølv etter eitt år med krig mot ei av verdas største og mest nådelause militærmakter.

I sin tale til EU-parlamentet nylig, la Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj vekt på at vi må forstå kva som ligg bak Putin sin krig i Ukraina. At det ikkje berre handlar om Ukraina, men om «...ein kamp for vår levemåte og for heile Europas levesett. For det er det Russlands leiarar prøver å ødelegge».

Putin brukar no kynisk alle triks i boka i sin kamp mot «vår levemåte»: Stoppe tilførsel av energi, bruke migrasjon som våpen, flytte krigen inn på digitale flater, nøre opp under sprengkrafta i sosiale media og spele på gammal koloni-historie for å få allierte i resten av verda. Og Russland byggjer samtidig ei urovekkande sterk allianse med Kina sin diktator Xi. Kina er eit land med same type styresett og same mål som Russland: Å svekke den demokratiske verdsordenen, å erstatte folkerett med den sterkaste sin rett og å syne at våre prinsipp om maktfordeling ikkje står seg mot å samle all makt på éi hand.

Det Putin og Xi arbeider for, er splitting og «kvart land for seg». Putins lov er at den sterkaste og seigaste vinn. I Putin, Xi – og andre diktatorar sine – hovud er eineveldet sterkare og seigare enn den liberale demokratiet.

Og la oss vere ærlege: Enno kan Putin får rett – i det lange løp. For det kostar å stå saman, ikkje alltid å vere «seg sjølv nok».

Det viktigaste svaret når verda kokar slik som no, er å stå saman. Det er no vi verkeleg treng NATO som samlar oss på tvers av Atlanteren – og eit sterkt EU som samlar Europa, også i dag-til-dag politikk. Den handlekrafta og offervilja EU har synt det siste året for å stoppe Putin, er imponerande. Energipolitikken blir lagt om i rekord-tempo felles for 27 land med 450 millionar innbyggjarar – sjølv om det svir på kort sikt. Våpenkjøp, militær og humanitær bistand og hjelp til flyktningar blir koordinert over grenser. Felles sanksjonar blir framforhandla på dagar i staden for månader.

Ingenting av dette var truleg med i Putins kabal. At land ikkje er «seg sjølv nok», men er solidariske, gir frå seg nasjonal handlefridom og står skulder ved skulder med mange andre når ei krise trugar - det er neppe råd å forstå for ein diktator som Putin.

Men kanskje vil det syne seg, kor ille det enn høyres ut å seie det, at det første året av krigen var det lettaste. Lettast å stå saman, lettast å «ause ut pengar», lettast å la seg inspirere av Zelenskyjs karisma og ukrainsk framgang på slagmarka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå no av kan det fort bli seigare. Det kan bli stillingskrig på slagmarka og russisk terrorbombing med ufatteleg brutalitet. Nye hundretusenar av russarar kan bli ofra som kanonføde. Det kan bli endå fleire mystiske «hybrid-angrep» mot mål i Vesten, eit meir aggresivt Kina og endå fleire skjulte forsøk på å nøre opp om splitting, tvil og frykt i vestlege demokrati.

Svar nr 1 då er å stå saman – og å hjelpe Ukraina med alt vi kan. I NATO og i Europa. For åra som kjem blir avgjerande for kva retning verda skal ta: Om demokratiet sine verdiar skal vinne over stadig meir aggresive diktatur, og om vi på same tid skal klare å bremse klimaendringane i det korte tidsvindauget vi har att.

Å brenne bruer og kutte kablar er alltid ein meir freistande ryggmarksrefleks når ei krise trugar enn å strekkje ut ei hand, dele på knappe ressursar og stå saman. Men aleinegang – å melde seg ut av fellesskap - er døden for dei vestlege demokratia i det lange løp.

Det er ei tid for alt. No er det tida for å halde ut. Saman. Leve Ukraina.