På di vakt, Kjerkol!

Gratulerer med kvinnedagen 8.mars!

Kva skal ein seie når helse-og omsorgsminister Ingvild Kjerkol rett før jul uttaler til NRK: «Det å ha verdens beste svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er ein skanse som må forsvarast kvar einaste dag». Men allereie i januar i den årlege sjukehustalen er ho bekymra for at det ikkje lønner seg å gjennomføre vanlege fødslar på sjukehus. Hæ?

Artikkelen held fram under annonsen.

Er vi altså komme dit at fødslar ikkje er lønnsame nok? Samtidig blir det stadig fleire eldre i dette landet, og altfor få nyfødde. I fjor var talet 1,48 barn per kvinne, eit tal som stadig har gått nedover dei siste tiåra, sjølv om innvandrarfamiliane hjelper oss med fleire barn.

Angrepet på ABC

I slutten av januar blei det nemleg kjent at «ABC-enheten» ved Ullevål sjukehus blir permanent stengt 4. mars i år, altså for fire dagar sidan. ABC står for Alternative Birth Care (kjem frå USA), og er det vi kan kalle ei fødestue for dei som ønskjer ein mest mogleg naturleg fødsel; med jordmorkompetanse, einerom for alle med plass til partnar/medmor, men utan legar. ABC på Ullevål har vore i drift i 25 år, og alle dei tillitsvalde der er mot denne nedlegginga.

Det er gode grunnar til å ha slike fødestuer, for dette er trass alt dei vanlegaste fødslane. Men Kjerkol må spare, seier ho, og forskansar seg bak helseføretaket som får frie tøylar til å legge ned.

Sjukehusa har heller ikkje plass til å ta imot alle kvinner som skal føde, og difor har ABC vore ei avlasting for dei. Og så legg ho denne eininga ned? Er det først etter 20 år vi ser kor uheldig denne føretaksmodellen er? Dette tar seg dårleg ut for Ap.

Marknadsstyrt helse

Helseføretaka såg dagens lys i år 2000. Dei som stod i spissen for dette var nyvald statsminister Jens Stoltenberg og helseminister Tore Tønne. Dei to kom med framlegg om at sjukehusa skulle takast ut av offentleg teneste og gjerast om til «føretak», etter modell frå New Public Management. Dei skulle styre etter bedriftsøkonomiske retningslinjer med aksjelova i botn. Altså butikk! Dette fekk Ap H og FrP gjennom i Stortinget i desember 2000. Alle andre parti var imot. Men fleirtalet rår, og slik blei det, i no 22 år.

Stykkpris-finansiering

Eit eksempel på kor uheldig eit slikt system blir, er at all aktivitet ved sjukehusa skal prissetjast. Ein vanleg prostataoperasjon kostar 20.000 kroner. Ein normal fødsel 13.000 kroner. Ein prostataoperasjon tar ca. 30 minutt, kor lang tid tar ein fødsel? Ja, sei det. Her er faren stor for at det blir mange «ulønnsame» fødslar.

Dette seier sitt om prioritering av kvinnehelse. I verste fall fører dette til overbehandling for innteninga sin del. Her har også snorking vore nemnt. Det er lett å få operasjon for dette, og det er svært lønsamt for helseføretaket.

Stor demonstrasjon

I april i fjor samla ti kvinneorganisasjonar seg framfor Stortinget med sju krav om ei betre fødselsomsorg. Bunadsgeriljaen frå Møre stod i spissen med sine 100.000 følgjarar på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjerkol tok imot krava og lova å ivareta dei i arbeidet med ei ny stortingsmelding ho vil lage. Dette var det SISTE kvinnene ville høyre. Kva hjelper nye stortingsmeldingar og flotte visjonar når vi manglar politisk vilje og handlekraft? Ikkje bruk tid, pengar og personar på fleire ord!

Dette er på di vakt, Kjerkol!

God 8. mars!