Alfred Bjørlo. Foto: Helle Frogner/Vestland Venstre.

– Nynorsk-elevar må få lærebøker på nynorsk

Kommunar og fylkeskommunen bryt opplæringslova dersom nynorsk-elevar ikkje får lærebøker og læremiddel samtidig som bokmål-elevar.

Opplæringslova slår fast at lærebøker og andre læremiddel skal ligge føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris, for å sikre nynorskelevar ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevar. Men i overgangen til Fagfornyinga har det i inneverande skuleår skjedd mange grove brot på denne regelen i opplæringslova – også i vidaregåande skular i Vestland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit fåtal av læreverka var klar til skulestart sist haust, og nynorsk-utgåvene har jamt over vore klare ein dryg månad seinare enn bokmål. I nokre tilfelle har det vore langt verre enn det også. Til dømes fekk elevane på VG1 TIP ved Odda vidaregåande skule si siste lærebok på nynorsk siste veka i mai – rett før skuleåret var slutt.

Det er grunn til å frykte at liknande skeivutgiving vil skje i fagfornyinga på vg2-trinnet komande skuleår. Dersom bokmåls-variantane systematisk kjem tidlegare enn nynorsk-variantane, vil det i praksis seie at skular og elevar blir pressa over til bokmål – på grunn av ein praksis som er i direkte strid med opplæringslova.

Vestland fylkeskommune må som skuleeigar snarast gripe tak i denne situasjonen, og bruke si makt som det største nynorskfylket i landet til å få slutt på denne lovstridige praksisen.

Venstre vil difor no utfordre fylkesordføraren på kva Vestland fylkeskommune som skuleeigar vil gjere for å sikre at lærebøker og andre læremiddel ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid for elevane i vidaregåande skule skuleåret 2021/22. For Venstre er det eit sjølvsagt krav at reglane i opplæringslova om jamstilling mellom nynorsk og bokmål vert følgde for elevane i Vestland.