– Norsk mat er trygg mat

Våren er her, og vi gler oss over at naturen vaknar til liv. Snart blømer frukttrea og nyfødde lam beiter på bøane medan traktorane durar på markane med møk og kunstgjødsel. Dette er biletet dei fleste av oss har av landbruket i dag, men bak idyllen er eit bondeopprør i emning.

Når du et norskprodusert mat, så et du trygg mat. Salmonellabakteriar i importert kjøtdeig syner at mattryggleiken i Noreg vert utfordra av meir import. Knapt noko land i verda brukar mindre antibiotika til dyra enn den norske bonden. Det gjer at det aukande problemet med antibiotikaresistente bakteriar internasjonalt, ikkje er ei utfordring i norskproduserte matvarer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Koronapandemien har synt oss kor viktig det er å ha tryggleik for eigen beredskap og matforsyning. Kva om neste store krise vert ei matvarekrise? Eg trur at alle land må gjere det dei kan for å produsere nok og trygg mat til eiga befolkning. Dette burde vere like sjølvsagt som å ha eit sterkt forsvar, politi og helsevesen. Når krisa treffer er det ofte for seint å handle. Det tek årevis å byggje opp att matproduksjonen dersom den først er bygd ned.

Det å ha eit aktivt landbruk i heile landet er med på å skape arbeidsplassar. Ikkje berre på gardane, men i transportbransjen, bygg, elektro, verkstad, og sist men ikkje minst, 40 000 arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien over heile landet. Næringsmiddelindustrien er faktisk den industrien med flest arbeidsplassar på fastlandet i Noreg.

Effektiviseringa i landbruket har vore beinhard i mange år. Ein bonde i dag produserer meir enn dobbelt så mykje mat per arbeidstime som den same bonden gjorde på 1990-talet. Ingen andre næringar i Noreg kan syne til den same veksten i arbeidsproduktivitet som landbruket. Då skulle ein kanskje tru at det var lukrativt å produsere mat til det norske folket? Dessverre er det alle andre enn bonden som sit att med gevinsten. Forbrukarane har aldri brukt ein mindre del av inntekta si på mat, og staten brukar ein stadig mindre del av statsbudsjettet på å oppretthalde sjølvforsyninga i landet vårt. Dette kan ikkje fortsette.

Eg trur at grunnen til at mange likevel held fram, er at bonden likar jobben sin, og finn det svært meiningsfullt å produsere mat. Realitetane for dei som ønskjer å satse på ei framtid som bonde er likevel harde. Skal du til dømes satse på ein moderne mjølkeproduksjon, krev det enorme mengder kapital. Investeringar i bygg, mjølkekvote og driftsapparat kostar mykje pengar. Her i Sogn og Fjordane er det ekstra krevjande med vår storleik på gardsbruka, å få stort nok omfang på produksjonen til at investeringane vert lønsame.

No må bonden få eit løft i inntekta, og det må leggast til rette for ein investeringspakke som gjer at ungdomen vil satse på ei framtid som matprodusent. Vi treng ein landbrukspolitikk som er tilpassa ressursgrunnlaget i ulike delar av landet, og som gjev bonden ei inntekt som er til å leve av. Eg håpar at #bondeopprør21, og det føreståande jordbruksoppgjeret, vil føre til bonden sitt arbeid vert verdsett.