MDG sitt svar til Høgre

Vi i MDG vil ikkje ha slutt på vegbygging slik Monica Mæland frå Høgre seier i reportasjen i Firda Tidend på fredag. Samferdsel er viktig for oss, og spesielt korleis ein prioriterer når det kjem til samferdsel.

Vi ønskjer ikkje å prioritere blindt på nye store vegar slik Høgre gjer. Derimot har vi foreslått å kutte dei største planane om utbygging av veg inn og ut av dei største byane i Noreg. Dette har vi prioritert fordi vi ønskjer å satse meir på distrikta, og sikre at midlane kjem ut der dei trengst mest – til trygge vegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I vår alternative transportplan har vi sett av 4,8 milliardar kroner til lokalsamfunn som ønskjer å utvikle berekraftige og levande bygder. Gang og sykkelveg, auking av midlar til kollektivtransport er sjølvsagt med i denne pakka, men det aller viktigaste er at vi set menneske og miljø før firefelts motorveg.

Når Høgre seier at de vil investere der folk bur og jobbar, og der det blir skapt verdiar, så lyttar ikkje Høgre til kva slags utvikling vi har i verda, og kva som er utfordringane vi står ovanfor.

Det er på tide at ein tek klimautfordringane på alvor. Det må det vere slutt på store vegar som berre bidrar til å auke utsleppa og rasere natur. Difor seier MDG konsekvent ja til trygge vegar og gode lokalsamfunn, og nei til å brenne opp pengar på øydeleggande monstervegar.

Vi håpar elles at bollen som Mæland og Grotle tok seg smakte godt, og at dei fekk tid til å reflektere over vegstandarden i distrikta på si ferd gjennom fylket.