– Krev krisepakke til skulane

No er det alvor.

Ei undersøking avdekka at over halvparten av alle lærarane har vurdert å slutte i løpet av det siste året. Mange tilsette melder om høgt arbeidspress, og sjukefråværet er aukande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kortvarige skippertaket har blitt erstatta av eit langvarig arbeidspress. Koronakrisa blir langvarig, og det er behov for å gje allereie slitne tilsette betre svar på korleis kvardagen ute i skulane og barnehagane skal vere framover.

KS har sagt at dagens ordningar ikkje dekkjer dei faktiske utgiftene. Berre 50% fekk dekka utgiftene på bortfall i foreldreinntekter til barnehagen og SFO. Og når pengane ikkje har vore på bordet så har det konsekvensar for både elevar og tilsette. Like brutalt har det vore for alle dei overarbeidde tilsette som ikkje har fått ei krone ekstra.

Gjennom hausten er det mange tilsette som har gitt ein varsku. Vi ser at mange av vikarbudsjetta byrjar å bli skrapa. Samstundes blir det likevel forventa innsats gjennom døgnet som er vanskeleg å innfri.

No må vi gjere vår del av jobben og legge pengane på bordet.

Vi har ufatteleg mykje å takke alle dei som har gjort dette året leveleg, men når krisa rammer så urettferdig, så må i alle fall krisetiltaka vere rettferdige.

I dei kommande korona-tiltaka MÅ det difor kome ei krisepakke som sikrar gode nok ressursar til skulane, lærarane og elevane våre. Når vi ser tala frå den siste undersøkinga, så herskar det ingen tvil om alvoret.

Her må vi stille opp. No er det tid for meir enn berre gode ord.