– Erling Sande sin politi-bløff avslørt

Erling Sande, tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet som no vil til Oslo igjen, kom sist veke med ein tirade av dei sjeldne i avisene om kor elendig det står til med politiet og kvardagstryggleiken i Sogn og Fjordane.

Les også
– Politiberedskap er meir enn ord

Heldigvis går Erling Sande så langt i si svartmåling at Politiet i Sogn og Fjordane no sjølv ser seg nøydd å ta kraftig til motmæle og opplyse folk om at det Senterpartiet fortel, rett og slett ikkje er sant. Og at det ligg eit stort alvor i det at ein såpass sentral politikar som Erling Sande prøver å spreie ei negativ haldning til politiet sitt arbeid lokalt og skremme folk i kvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For sanninga er, som politisjef i Sogn og Fjordane Arne Johannesen skriv i sitt tilsvar, den tvert motsette av kva Sande insinuerer. Det er ikkje blitt færre politifolk ute i teneste i Sogn og Fjordane dei siste åra. Det er blitt fleire. Køyretøy- og utstyrsparken til politiet er blitt kraftig forbetra. Fleire saker blir handterte, dei blir tatt raskare unna og det er blitt rydda opp i gamle restansar. Kampen mot den «skjulte kriminaliteten» – på nett og i heimane – er blitt kraftig skjerpa. Det er blitt betre systematikk, høgare prioritering og større kapasitet i politiet sitt førebyggande arbeid. Vi har fått eit eige Barnehus i Sogn og Fjordane, som er av uvurderlig verdi for born som blir utsett for vald og overgrep. Det har kort sagt blitt ein tryggare kvardag for folk i Sogn og Fjordane – særleg for dei aller mest utsette.

Les også
– Svartmåling av politireforma og politiet kan politikarane ta ein annan stad

Det er rett at starten på Politireformen var trong – fordi det tok for lang tid før ressursane følgde med, og vart spreidde ut nær der folk bur. Dei siste åra har det endra seg kraftig. Resultatet er eit betre politi og større tryggleik i kvardagen rundt om i Sogn og Fjordane enn nokon gong.

Det skal vi vere glade for, og eg trur vi kan utvikle polititenestene i fylket endå vidare i åra som kjem i nært samarbeid med kommunar og lokalsamfunn. Men det må vere eit politi som heng med i si tid og som gjev oss reell tryggleik i kvardagen – også mot den kriminaliteten som ikkje er så lett synleg.

Det er kanskje ei fåfengt von, men eg håpar politiet sitt raske, tydelege og alvorlege tilsvar kan få Erling Sande og Senterpartiet til å ta ein grundig intern runde på korleis dei skal opptre i månadene som står føre oss fram mot valet. Folk i Sogn og Fjordane fortener meir enn å bli innprenta ein alternativ, kolsvart røyndom av ein elles dyktig politikar som veit og kan betre.