Bøndene har ikkje skulda, Høgre!

Alfred Bjørlo. Foto: Vestland Venstre/Helle Frogner.

Høgre vil løyse matkrisa ved å betale bøndene mindre for å produsere grøn, klimavenleg mat. Det er skivebom. No er eit variert, grønt og framtidsretta landbruk i Noreg viktigare enn nokonsinne – ikkje minst på Vestlandet.

I Næringskomiteen på Stortinget si innstilling til Landbruksoppgjeret for 2022, gir ein samla opposisjon – Venstre, Høgre, Frp, SV, Rødt og MDG – regjeringa marsjordre om ein ny kurs for norsk landbruk, med vriding av matproduksjonen over mot meir grønt og korn, meir bruk av beite- og utmarksressursar og skjerpa innsats for dyrevelferd. Det er ein milepåle, og ein stor politisk siger både for Venstre og for framtidas landbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Venstre foreslår også å be Regjeringa starte arbeid med ei ny stortingsmelding om framtidas landbruk- og matsystem. Vi vil ha ei kraftig auka satsing på økologisk mat i Noreg, meir plantebasert matproduksjon og betre økonomi for bønder som vil investere i betre dyrevelferd. Venstre vil gi betre økonomiske stimuli til kjøtproduksjon frå dyr som nyttar beite- og utmarksresursar, og vi vil ha betre velferdsordningar og arbeidsvilkår for bønder som ei sentral satsing i framtidige landbruksoppgjer.

Eg er skuffa og overraska over at Ap og Sp i eit år med eit rekordhøgt landbruksoppgjer, ikkje vil nytte sjansen vi no har til ei kursendring i grøn, klimavenleg og berekraftig retning. Venstre vil ha ein ny matpolitikk der folkehelse, klima og natur og landbruks- og matpolitikk blir sett sterkare i samanheng. Ap og Sp seier nei til all nytenking – og nei til alle forslag om å vri landbruket i ei meir berekraftig retning.

Også Høgre snublar i sin landbrukspolitikk. Når Høgre foreslår å kutte målprisane på landbruksvarer, har det minimalt å seie for lommeboka til kvar enkelt, men mykje å seie for inntektene til hardtarbeidande bønder. Når vi attpåtil veit at målprisar er eit system som berre finst på korn og grønt, ikkje på kjøt, er Høgre sitt forslag i praksis å gjere det mindre lønsamt for norske bønder å satse på grønsaker, frukt og korn. Det er dumt for landbruket, dumt for folkehelsa – og svært uheldig for klimaet. Norsk grøntproduksjon står allereie for ein femtedel av verdiskapinga i jordbruket, men mottar berre 2-3 prosent av budsjettmidlane gjennom jordbruksavtalen. Det er ikkje berekraftig på lang sikt.

Venstre ønskjer at landbruket skal vere ei av dei viktigaste grøne framtidsnæringane i Noreg. For å kome dit, trengst ei omlegging av norsk landbruk. Klimautsleppa frå landbruket i 2021 gjekk opp. I åra framover må dei betydeleg ned. Då må vi ha meir langsiktig berekraft, strengare jordvern, meir grøntproduksjon, strengare krav til dyrevelferd og betre økonomi og arbeidskvardag for bøndene.

Årets landbruksoppgjer er eit nødvendig krafttak i ei krisetid. Men det er kursen vidare som verkeleg er viktig.