Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre meiner regjeringa ikkje har prioritert rassikring høgt nok. Fredag besøkte han AUF sin sommarleir på Utøya. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix/NPK.

Meiner regjeringa ikkje har prioritert rassikring høgt nok

Opposisjonen prioriterer ras- og tunnelsikring høgare enn regjeringa, konstaterer Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Han sluttar seg til kritikken frå SV og Sp.


I kjølvatnet av rasa i Jølster i Sogn og Fjordane har både SV og Senterpartiet kritisert regjeringa for ikkje å ha satsa nok på rassikring.


– Vi skal vere varsame med å trekke slutningar frå ei manglande løyving til eit konkret ras i eit utsett land som vårt. Men realiteten er at opposisjonen har prioritert ras- og tunnelsikring meir. Det var ein av fire hovudsatsingar frå Ap, og vi har 400 millionar kroner meir til dette i det alternative statsbudsjettet vårt enn regjeringa, seier Støre til NTB.


– Det er ei erkjenning av at rassikring er viktig i utgangspunktet, slik Noreg ser ut, men òg at det er endå viktigare enn før fordi klimaendringane gjer seg gjeldande, held han fram.


På spørsmål om ikkje dei raudgrøne burde gjort meir då dei sjølve sat ved makta, svarer Støre:


– Det er seks år sidan vi sat i regjering. Vi må sjå på dei alternative budsjetta våre. Der har vi gjort prioriteringar. 400 millionar talar eit tydeleg språk, seier han.


Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum sa til NTB torsdag at regjeringspartia aktivt har stemt ned forslag om meir middel til ras- og flaumtiltak, og han hevdar at pengar til motorvegar gir meir prestisje.


SV sin Torgeir Knag Fylkesnes kallar på si side rasa i Jølster for ein varsla katastrofe og meiner regjeringa har neglisjert rassikring.


I området som vart ramma av ras i Jølster, har det vore gjort tiltak, og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner dette har bidratt til å redde hus. (©NPK)