- Eg håpar på mange stemmer slik at Breimsbygda IL kan bli tildelt 50.000 kroner, seier May Britt Solheim Kvellestad.

May Britt er kandidat til Årets fotballmamma

May Britt Solheim Kvellestad frå Gloppen er Sogndal Fotball sin kandidat og ein av 16 finalistar i kåringa Årets fotallmamma. 

Det er klubbane i OBOS-ligaen og ligasponsor OBOS som står bak kåringa. Alle klubbane i ligaen har gjennomført ei nominasjonsrunde.

23 nominerte lokalt

– Vi har fått inn forslag på 23 fotballmammaer, og May Britt Solheim Kvellestad frå Breimsbygda IL var ein av desse. Etter ei rekordjamn avstemming var det May Britt som stakk av med sigeren. Ho blir vår lokale kandidat inn mot den nasjonale avstemminga. Alle 16 klubbar i OBOS-ligaen stiller med kvar sin finalist, fortel Hilde Østbø, konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball.

May Britt Solheim Kvellestad har tre aktive born, er geitebonde og assistent ved Breim skule. Ho er trenar for G11 i Breimsbygda IL, men har hatt mange ulike roller i klubben dei seinare åra. Ho er ein aktiv supporter for fleire lag i klubben og er flink til å motivere spelarane. Ho følgjer også opp eigne born som er med på sone- og krinstreningar. Har klubben behov for dugnadshjelp, er ho ein av dei som alltid stiller på.

10.000 til BBIL

Som finalist får Solheim Kvellestad ein forundringspakke frå Sogndal Fotball og eit gåvekort på 500 kroner frå Kitchen, samt 10.000 kroner til Breimsbygda IL. Saman med familien blir ho invitert til VIP-losjen under kampen mellom Sogndal og Notodden 11. november.

Avstemminga blir avslutta 15. november. Dei tre finalistane som har fått flest stemmer går til superfinalen.

– Desse tre blir invitert til norsk fotball sin store premieutdelingskveld, fotballfesten på Ullevaal stadion søndag 25. november. Der skal den endelege vinnaren bli kåra. Årets fotballmamma vinn ein premie til seg sjølv, samt 50.000 kroner til klubben ho representerer, fortel kommunikasjonsrådgjevar Eddie Chr. Thomas i OBOS.

 

Her kan du stemme på din favoritt: http://j.mp/2xCfXn5