Stortinget. Illustrasjonsfoto.

Massiv pakke skal dempe koronakrisa

Stortinget jekkar opp krisepakken frå regjeringa med ein tosifra milliardsum. Målet er å sikre dei kommunale tenestene og bidra til auka aktivitet etter krisa.


– Første punkt er å sikre at skular, sjukeheimar og dagleg drift går som det skal, ved inntektssikring. Så seier vi at kommunane no kan byrje planleggje for oppussingsprosjekt og vedlikehaldsarbeid.


Slik forklarer Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum innhaldet i kommunepakken på minst 8,9 milliardar kroner overfor NTB.


Han viser til at det no vil vere mogleg å sikre oppdrag til snikkarar, røyrleggjarar og anleggsarbeidarar rundt om i Kommune-Noreg når krisa ein gong er over.


Frps finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug seier ho dagleg får e-postar frå folk som er redde for framtida.


– Vi må gjere alt vi kan for å hjelpe dei, seier ho.



«Ministatsbudsjett»

Fem av milliardane til kommunane kjem som ei straksløyving, medan resten skal kome i revidert nasjonalbudsjett i mai.


Ein viktig del av kommunepakken er å auke den fylkeskommunale ramma med 1 milliard kroner for å kompensere kollektivselskapa for tapte billettinntekter.


Avtalen regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og opposisjonspartia Arbeidarpartiet, Sp, SV og Frp la fram på Stortinget tysdag, er nærast å vurdere som eit ministatsbudsjett.


Ein ekstra milliard til studentar, ytterlegare momskutt, 5 milliardar i auka låneramme for Husbanken og fleire hundre millionar til kompetanseheving i bedriftene er blant tiltaka.


Regjeringa får klar melding om å finne prosjekt eller vedlikehald på veg og bane som kan påskundast.


– Det har vore viktig for Ap at vi allereie no sender nokre signal til industri og næringsliv over heile landet om kva for nye prosjekt som kan setjast i gang tidlegare enn planlagt, seier nestleiar Hadia Tajik.



Kostbar pakke

Kva pakken totalt sett kostar, er uklart. Medan dei direkte løyvingane skal utgjere omkring åtte milliardar kroner, anslår Vedum ein totalkostnad på 12 til 15 milliardar.


Kva momskutt og sjenerøse reglar for avskriving til slutt vil koste statskassa, ligg til grunn for uvissa: Dersom aktivitetane tek seg opp, vil summane auke – noko som er ønskjeleg når økonomien skal dragast i gang att etter krisa.


– Vi har gjennom generasjonar bygd opp økonomiske musklar til å stå gjennom ei slik krise. Ein gong skal vi tilbake til normalen og reversere dei ekstraordinære tiltaka. Men no er det viktig å halde hjula i gang, seier leiaren i finanskomiteen, Mudassar Kapur (H), til NTB.


Det dyraste elementet i pakken er ei form for kontantstønad til dei hardast ramma bedriftene. Tiltaket, som får brei tilslutning i Stortinget, vil anslagsvis koste 50 milliardar kroner fram til slutten av mai.



Drøftar innretning

Alle detaljane i bedriftspakken er likevel ikkje klare. Årsaka er at partane i arbeidslivet drøftar innretninga på tiltaka utover denne veka fram mot fredag, då proposisjonen skal leggjast fram.


Før forhandlingane var sluttførte, anslo regjeringa at koronatiltaka svekkjer årets budsjettbalanse med 196 milliardar kroner.


Verken Raudt eller MDG var med på avtalen tysdag. Raudt meiner den siste krisepakken frå Stortinget er for svak og urettferdig, men vil likevel støtte dei fleste av tiltaka.


MDG omtalar på si side enkelte av tiltaka som klimafiendtlege.


– Det er ein pakke med veldig mykje bra, og mykje vi kunne stilt oss bak. Men det er ein heilskap her vi ikkje kunne skrive under på, seier MDGs Une Bastholm til NTB.


(©NPK)