Heim   >   Fylket   >   Maryam får bli i Noreg

Maryam Bandari. Arkivfoto.

Maryam får bli i Noreg

Iranske Maryam Bandari og dei to sønene hennar som har budd i kyrkja til Sion på Sandane sidan 2017, får no lov til å bli i Noreg. Det har lagmannsretten avgjort.

Bandari fekk kyrkjeasyl i Gloppen etter å ha fått avslag på søknad om opphaldsløyve. Ho vann i fjor fram i Oslo tingrett, som meinte familien burde få bli i Noreg, men UNE anka, og saka kom opp i Borgarting lagmannsrett like før påske.

Det omstridde i saka er om Bandari, som er kristen konvertitt, kan bli forfølgd om ho blir returnert til Iran. Lagmannsretten har no «under en viss tvil» slått fast at Bandari vil stå i fare for forfølging om ho blir send til heimlandet.

Derfor blir vedtaket frå UNE om å nekte henne asyl rekna som ugyldig. UNE opplyser til NRK at dei vil vurdere om dommen skal ankast når dei får sett seg meir inn i premissane. (©NPK)