I mars hadde ho første konsert med bandet sitt, So Martha.

Martha Sofie satsar på musikk

Martha Sofie Eide (24) frå Sandane brenn for å formidle musikk. Ho har lenge skrive eigne låtar og jobba for å starte eige band. I mars starta ho So Martha og heldt sin første konsert.


Martha Sofie Eide studerer utøvande rytmisk musikk i Oslo, og tek no til på sitt siste år på studiet. Ho ser det som ein fordel at ho allereie har starta band og er i ferd med å gjere seg synleg. Det gjer overgangen frå student til yrkesaktiv enklare.

Skriv sjølv

Musikken hennar er på engelsk, i sjangeren soul/RNB. Slik når ho breitt, men ho trur målgruppa er unge vaksne. Eide skriv sjølv tekstane, og er vokalist i bandet. Ho fortel at arbeidet betyr ekstra mykje for henne når det er hennar eigne tekstar, samanlikna med då ho framførte andre sine låtar.

– Den største utfordringa er at eg alltid er kritisk og ser noko eg ville gjort betre. Eg presenterer tekstane gjennom bandet, men det er likevel meg og mitt. Når eg presenterer frå mitt inste, blir det personleg, og eg bryr meg meir om kva andre tykkjer, seier ho.

Bandet har fem faste medlemer, og sju under konsert. Det siste året har ho skrive låtar og samla band som har arrangert dei saman. Dette har lenge vore eit mål for vokalisten. Dei har vore i lag i lydstudio og produsert, og ho jobbar no for å få støtte til ferdigstilling av låtane.

Kjempedebut

Martha Sofie Eide debuterte 14. mars i år. Allereie før ho hadde samla bandet reserverte ho konsertlokale, og sette dette som eit konkret mål ho skulle nå.

– Eg var svært spent i førekant. Eg sat på øvingsrommet før konserten, sliten, og spurde meg sjølv om nokon ville kome i det heile teke. Då eg kom inn i konsertlokalet var der så mykje folk at vi måtte setje inn ekstra benkar. Det var rørande, smiler ho.

Mange venner og familiemedlemer sat blant publikum, men også mange som hadde høyrt henne tidlegare. Ho ser at dei fleste tek med seg fleire, og slik får ho eit veksande publikum. Kring hundre tilskodarar var samla til den første konserten til So Martha. Ho tykte det var stas å få formidle musikken til så mange, og innsåg då kor mykje nettopp det betyr for henne.

Personlege tekstar

– Eg skriv om det som opptek meg og om korleis eg har det. Eg vil setje ord på kjensler og situasjonar, slik at andre kan kjenne seg att, og ikkje kjenne seg åleine. Eg får høyre at tekstane treffer dei som sjølve ikkje tør å setje ord på det. Slik blir musikk viktig for meg. Eg er heldig som får skrive noko andre kan kjenne seg att i, men som er vanskeleg å snakke om, fortel Eide.

Eitt tema ho tek opp er generasjon perfeksjon. Ho meiner livet ikkje er perfekt, sjølv om mange vil framstille det som om det går på skinner. Det ser ho kan vere ei utfordring, og formidlar dette gjennom songtekstane.

– Eg skriv òg om erfaringar eg har gjort meg. Døme på dette kan vere historia om då eg tok rolla som klovnen i alle situasjonar, noko eg gjorde frå eg var lita og fram til nyleg. Eg hadde alltid mykje sjølvironi og låge skuldrer, men på eitt punkt innsåg eg at det ikkje var så kult alltid å vere klovnen. Eg såg ingen veg tilbake, og vart heller lukka, fortel ho.

I tekstane sine prøver ho å fortelje morosame historier, men med mykje meining bak.

Ikkje alltid hatt trua

For Martha Sofie Eide var det ikkje ei sjølvfølgje at det var musikken ho skulle satse på. Ho har alltid hatt ei interesse for musikk, men var lenge usikker på om det var der ho høyrde heime. Ho starta på idrettslinja ved Firda vidaregåande skule. Medan ho var elev der, byrja ho å ta song- og gitartimar ved Gloppen kulturskule i matfriminuttet.

– Med både kulturskulen og idrettslinja følte eg at eg fekk vere heile meg. Eg er glad i idrett og fekk opptre samstundes. Kulturskulen gav meg lyst til utforske vidare, og eg fekk ei kjensle av korleis det er å stå på ei scene. Det var nok der det starta, smiler ho.

Etter vidaregåande starta ho på folkehøgskule, der ho deltok i ein låtskrivekonkurranse. Teksten hennar vann, og ho fekk reise til Nashville i USA for innspeling av låta.

– Det var nok vendepunktet mitt, og den innsprøytinga eg trong for å kome i gang. Det gav meirsmak, og førte til at eg tok eit årsstudium i låtskriving for å lære teknikk, seier ho.

Fleire konsertar framover

So Martha har fleire planlagde konsertar utover hausten. Dei har eit fullt konsertoppsett med kring ti låtar, og lagar ofte nye.

– Dei fleste konsertane våre er i Oslo-området. Folk får med seg at vi har konsert, og vi blir kontakta for fleire. No skal vi snart ha ein konsert på Jessheim, der nokre artistar skal ha oppvisning i ein vindtunnel til musikken vår. Vi får vere med på mykje forskjellig, fortel Eide.

Ho brenn mest for band, men syng òg i eit gospelkor. Slik får ho fleire innfallsvinklar til musikkmiljøet, og får prøve seg i både TV-produksjon, konsert og litt reising. Det er musikkformidlinga ho ser som mest gjevande, og ho ønskjer å drive med band på lang sikt òg.

– Det er det som til sjuande og sist driv meg. I bandet får eg utløp og kan skrive personleg. Ekstra stas er det når publikum vil høyre det eg ønskjer å fortelje. Målet no er å ferdigstille låtane vi held på med til utgjeving, og å spele mest mogeleg, avsluttar Martha Sofie Eide.