3. april legg Sogn og Fjordane Teater ut på vegane i fylket med «Maria Magdalena – Jesu virke». Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar as.

«Maria Magdalena – Jesu virke» kjem til Hyen og Ålhus

”Ei overtydande og kjenslevar og vakker førestilling”…”Det var så ein nesten gløymde å trekkje pusten”, var nokre av tilbakemeldingane etter framsyninga av «Maria Magdalena – Jesu virke» i førre turnérunde.

I april legg Sogn og Fjordane Teater nok ein gong ut på vegen med den omtykte framsyninga, og det vert nypremiere i Naustdal kyrkje 3. april. På turneen blir 17 kyrkjer i fylket vitja, mellom andre Fjærland kyrkje 6. april, Ålhus kyrkje 7. april og Hyen kyrkje 26. april.

Vi veit alle kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortalt gjennom kvinnene rundt han. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria, ho som hadde tilnamnet Magdalena. Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at ho hadde eit nært forhold til han. Maria var kollega, ven og kvinne.

Det er natta før palmesøndag, og natta før Jesus og følgjet hans togar inn i Jerusalem. Maria Magdalena fortel om sitt første møte med Jesus. Gjennom Maria kjem vi nærare Jesus, men òg nærare eit historisk faktum som ofte hamnar i skuggen. I følget til Jesus var det fleire kvinner, mange av dei redda frå vonde ånder og sjukdom. Dei hadde ein plass i lyssirkelen rundt leirbålet saman med disiplane, og dei risikerte livet ved å reise rundt og misjonere.

I år som i fjor er det skodespelar Reidun Melvær Berge som gir liv til Maria Magdalena, og ho synest det er spennande å dukke ned i denne dramatiske tida og kike inn i Maria Magdalena sitt liv nedst på rangstigen:

– Håvard Rem har skrive ein utruleg sterk tekst basert på historier om Jesus sett frå ei kvinne sitt synspunkt. Monologen er full av frykt og uro, men også håp og forventing, seier Reidun.

Dei komande vekene skal Sogn og Fjordane Teater besøke kyrkjer i både Jølster og Hyen. Begge plassar har tidlegare hatt besøk av teateret med monologen «Miriam si forteljing», som var første del av trilogien om Jesus.

Marta Fimreite ved Jølster kyrkjekontor sit att med ei god oppleving frå førre besøk:

– Å få oppleve ei så var og fin framsyning i kyrkja, var verkeleg vakkert. Eg skulle berre ynskje at fleire hadde fått det med seg. Vi får håpe fleire tek turen no, seier ho.

No gleder dei seg til å få besøk av andre del av trilogien med «Maria Magdalena – Jesu virke»:

– Ved slike arrangement klarar vi å samle både det faste kyrkjefolket, men også dei som vanlegvis ikkje går der. Det er veldig fint. Og så er det veldig kjekt at folk er villige til å stille opp og hjelpe til med å få arrangementet i hamn, anten det er som publikum eller på andre måtar. Så dette engasjerer mange, avsluttar ho.