Mannen var ute og køyrde ein tysdag morgon. Det var ikkje så lurt

Ein mann i 50-åra frå Sunnfjord er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 18 dagar i fengsel på vilkår for promillekøyring. Sunnfjordingen fekk også ei bot på 10.000 kroner, og må belage seg på 20 månader utan førarkort.

Etter tapstida må han ta full ny førarprøve viss han skal ha lappen tilbake. I retten tilstod mannen  ugjerningane utan atterhald, men retten meiner dette i liten grad er formildande då han vart teken på «fersk gjerning».

0,96 i promille

Ein tysdags morgon i august var mannen i 50-åra ute og køyrde bilen sin på ein trafikkert veg. Til politiet har han forklart at han drakk øl og vin kvelden før, og har erkjent at han opptredde aktlaust då han sette seg i bilen for å køyre morgonen etter.

Retten viser til politimeldinga, der det kjem fram at sunnfjordingen vart stogga i ein rutinemessig kontroll der blåseprøva gav utslag på alkoholpåverknad. Resultatet på blodprøva som vart teken 30 minutt seinare, viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,96 promille.

I grenseland

Ifølgje dommen ligg alkoholkonsentrasjon tiltalte hadde heilt i grenseland om det vert reagert med fengsel på- eller utan vilkår, og viser til gjeldande rettspraksis.

Påtalemakta ville dømme han til 15 dagar på vilkår, men dette meinte retten var for lite. Etter ei samla vurdering enda dei likevel opp med ikkje å idømme han ei uvilkårleg fengselsstraff, men skjerpa i staden straffa frå 15 til 18 dagar i fengsel på vilkår.

Elles var retten samd med påtalemakta sine vurderingar og dømde han etter deira straffeutmåling.