Raset på sørsida av Jølstravatnet. Foto: Jan Helge Albu, Statens vegvesen.

Mann i 50-åra er sakna

Politiet har no fått stadfesta opplysningar om at ein bil blei teken av jordskred på Fv451 ved Årnes på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding. 

Ein mann i 50-åra er meldt sakna og det er grunn til å tru at han køyrde bilen som blei teken av skredet.

Politiet er i kontakt med og følgjer opp mannen sine næraste pårørande.

Det blei gjort overflatesøk i området med helikopter og båt i går kveld utan resultat, og politiet kunne då ikkje slå fast om nokon var tekne av skredet.

- Når politiet endeleg har fått stadfesta at det var ein bil i jordskredet, fortset søket med alle tilgjengelege ressursar, i første omgang frå lufta, heiter det i pressemeldinga.

Store jordmasser i vatnet gjer søket vanskeleg, men vêrforhold og lys er betre i dag enn i går. Det er framleis stor rasfare i området, og det må takast hensyn til sikkerheita til søkemannskap. Det er ikke forsvarleg å sende ned dykkarar eller småbåtar tett på land så lenge rasfaren vedvarer.