Det var sett i verk ein stor leiteaksjon etter at ein båt gjekk ned på Gloppefjorden laurdag kveld..

Mann funnen omkommen etter leiteaksjon

Ein mann er funnen omkommen etter den storstila leiteaksjonen i Gloppefjorden laurdag kveld og natt til søndag.

Mannen vart funnen omkommen i sjøen natt til søndag, etter at det vart sett i gang ein stor leiteaksjon då ein båt med fire personar om bord gjekk ned ved Devik i Gloppen like før klokka 19.00 laurdag.

Tre personar berga seg i land, medan det vart sett inn store ressursar for å leite etter den fjerde.

Han vart funnen i 01.30-tida ved hjelp av ubåt.

Dei pårørande er varsla.