Borgund stavkyrkje i Lærdal kommune. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Manglar samla brannvernregister for norske kulturminne

Det er opp til kvar enkelt kommune å føre tilsyn med verneverdige kulturminne i Noreg. Derfor finst det ikkje noko sentralt brannførebyggingsregister for dei.


– La oss undersøke korleis det står til med brannsikringa av våre eigne verdifulle kulturminne, oppmodar administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening.


Brannvernforeininga opplyser om at mange kulturminneeigarar ikkje veit kva ansvar dei har. Derfor er det viktig at kommunane fører fysisk tilsyn og ikkje berre dokumenttilsyn. Det er kommunane som har ansvaret for å sjå til at kulturminna er sikra, og for å kartleggje eventuelle konsekvensar av ein brann.


– Det er ekstremt viktig at kommunen går ut og ser og følgjer opp avvik, seier Søtorp.


Stavkyrkjene er unntaket. Her er staten ansvarleg. Alle andre kyrkjer, både dei som er freda og andre verneverdige kyrkjer, er eigde av Den norske kyrkja, som har plikt til ettersyn og vedlikehald for å unngå brann.


Det er nyleg etablert eit brannsamarbeid for museum og kulturinstitusjonar i Oslo og Akershus. Spesialkonsulent Susanna Björklöf ved brannførebyggjande avdeling i Oslo brann- og redningsetat jobbar med brannsikring av museum og kulturhistoriske bygningar.


– Når brannen blir så stor som den vi såg i Notre-Dame, er det lite brannvesenet får gjort. Slike katastrofar kan berre unngåast gjennom god førebygging frå dei som eig og bruker slike bygningar, seier ho i ei melding frå brannvesenet i Oslo.


Brannalarmanlegget, sprinklaranlegget og rømmingsvegane må kontrollerast. Det må òg lagast ein verdisikringsplan, slik at brannvesenet veit kva dei skal redde først. (©NPK)