Heim   >   Nyhende   >   Manglar framleis støtte til drift av Vinje-senteret

Direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus F. Sandsmark. Foto: Sunniva Lund Osdal / Nynorsk kultursentrum

Manglar framleis støtte til drift av Vinje-senteret

Nynorsk kultursentrum manglar framleis støtte til drift av Vinje-senteret

Nynorsk kultursentrum er glade for at regjeringa aukar støtta til språkarbeid i Noreg med over 9 millionar kroner. Samstundes er dei skuffa over at regjeringa ikkje har løyvd dei nødvendige driftsmidlane til Vinje-senteret for 2020.

– Driftsmidlane er ein føresetnad for å få Vinje-senteret til å fungere over tid. Det ville både ha vore med å gjere framdrifta sikrare og gjere kvaliteten høgare, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark, til Nynorsk pressekontor.

Den ideelle stiftinga Nynorsk kultursentrum får ei løyving på 21.050.000 kroner i 2020, ein auke på 2,7 prosent frå i år. Av desse midlane får Vinje-senteret vidare økonomisk støtte til bygg og utstilling på senteret, men får ikkje dei to millionane dei har søkt om til drift av senteret.

Sandsmark skulle gjerne hatt midlane på plass så dei allereie no kunne tilsett fagfolk som kan formidle og dokumentere journalistikk og dikting.

– Førebels klarer vi ei framdrift på utstilling og etablering av senteret med dei løyvingane som er. Men vi må legge opp prosessen og disponere eigne pengar for å gjere det forsvarleg både fagleg og økonomisk, seier han.

Styreleiar Lodve Solholm meiner også at manglande driftsstøtte vil gjere det vanskelegare å gjennomføre løftet for journalistikk og dikting som Vinje-senteret er meint å vere.

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm. Foto Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes

Vurderer å omdisponere Vinje-fondet
Vinje-senteret har mål om å opne i 2021 eller 2022. Vinje-fondet som no er på 600.000 kroner og som skal gå til å styrke nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk, har fått lite søkarar i år. Regjeringa føreslår difor at Nynorsk kultursentrum kan omdisponere pengane frå fondet, noko som kan dekke delar av dei manglande driftsmidlane.

– Iallfall delar av drifta kan oppnå dei måla som regjeringa skriv at midlane skal brukast til i statsbudsjettet. Det skal vi diskutere under eit styremøte seinare denne veka, seier Sandsmark.

Trass i manglande midlar til drift, trekker også Sandsmark fram at regjeringa og dei fire samarbeidspartia har vist vilje til å prioritere språkarbeid.

– Det er svært gledeleg at ordboksmiljøa blir bygd opp att, at det blir gitt løyvingar til språkteknologiutvikling, tiltak for nynorsk til barn og ungdom og forvaltning av teiknspråk, punktskrift, nasjonale minoritetsspråk, samiske kulturtiltak og stadnamnforvaltning, seier Per Magnus F. Sandsmark.

– Dersom dette blir følgd opp med ei offensiv språkmelding og ei språklov som reelt fører til auka likestilling mellom og vern av dei norske språka så har regjeringa lagt grunnlaget for ei betre framtid for alle språk i Noreg, legg han til.

(©NPK)