Foto: Kari Hamre/NPK.

Mange vil ha mindre bygging i strandsona

Éin av to nordmenn vil ha redusert eller full stopp i utbygging av strandsona, viser ei spørjeundersøking som Ipsos har gjort for Norsk Friluftsliv.


I undersøkinga seier 33 prosent av dei spurde at dei ønskjer redusert utbygging i strandsona, mens 16 prosent vil stoppe utbygginga heilt, ifølgje NRK.


I dag er 31,5 prosent av den norske strandsona utbygd, mot 30,1 prosent i 2005. I visse fylke, som Akershus og Oslo er talet så høgt som 70 prosent. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) innvilga norske kommunar i fjor 747 av 1.280 søknader om dispensasjon frå det generelle forbodet mot bygging i strandsona.


Generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv meiner regjeringa no må stramme inn på bruken av dispensasjonar.


– Regjeringa må gi marsjordre til fylkesmennene om å sikre at forbodet blir etterlevd, og kommunane må få beskjed om at dei må vere mykje meir restriktive med å gi dispensasjonar for bygging i strandsona, seier Heimdal til NRK.


Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) meiner derimot at kommunane skjøttar ansvaret dei har for byggjeløyve, godt.


– I Noreg er det sånn at lokalpolitikarane våre har arealansvaret. Eg har stor tillit til at dei gjer ei grundig og konkret vurdering av kvar sak og gjer vedtak ut frå dei lokale forholda, seier Mæland til NRK. (©NPK)