Rasmus Moe. Pressefoto.

- Mange sterke kandidatar

Bodil Kvamme går av neste år, og Sogn og Fjordane Teater er i gang med rekruttering av ny leiar. Målet er at den nye teatersjefen skal vere tilsett i løpet av 2019, med oppstart i januar 2021. Stillinga er eit åremål på fire år.

11 personar har søkt stillinga som teatersjef. Søkjarlista består av fire kvinner og sju menn. To av desse er unnateke offentlegheit.

Søkjarane til stillinga som teatersjef:

Bjørnsgaard, Gunhild (53) Oslo, Co-programmerar/prosjektleiar

Vik, Idun (34) Bergen, Frilans regissør/skodespelar

Valiente Marcelino, Martin (55) Oslo, Frilans sceneinstruktør/skodespelar

Lundsholt, Cecilie (38) Frilans produsent/dramatikar

Pedersen, Jeff (41) Stongfjorden, Frilans regissør

Ulsberg Brager, Øystein (36) Oslo,  Dramaturg åremål og frilans regissør

Wergeland, Eliane (30) Oslo,  Arenaleiar og partnaransvarleg

Ristesund, Stig Andre (49) Oslo, Biletkunstnar/rekvisitør

Selvik, Espen (60) Oslo,  Prosjektleiar/kulturskribent

Mann, Unnateke offentlegheit

Mann, Unnateke offentlegheit

- Vi er glade for å sjå fleire sterke kandidatar til teatersjefstillinga. Ei sterk søkjarliste betyr mykje for teateret og syner at vi er relevante og attraktive, seier styreleiar Rasmus Mo ved Sogn og Fjordane Teater i ei pressemelding.