Home   >   Nyhende   >   Mange ringjer inn om psykiske utfordringar

Dei frivillige i Kirkens SOS svarer på nesten 200.000 samtalar i året på telefon og Internett. Foto: Torstein Ihle /Kirkens SOS.

Mange ringjer inn om psykiske utfordringar

Kirkens SOS tar imot nesten 200.000 samtalar på telefon og Internett gjennom den døgnopne krisetenesta si. Nesten 40 prosent av desse handlar om psykiske utfordringar.

Kirkens SOS meiner derfor at det framleis er viktig å markere Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. I år er temaet å vere raus.

– Når psykiske utfordringar aukar i omfang blant ungdom, har vi i fellesskap ein stor jobb å gjere, seier generalsekretær Leif Jarle Theis i Kirkens SOS i ei pressemelding.

Han viser til tala frå Ungdata 2017, som stadfestar at omfanget av sjølvrapporterte fysiske og psykiske helseplager fortset å bli større. Dei som tar kontakt med Kirkens SOS rapporterer ofte at dei ikkje blir sett, høyrt eller forstått i kvardagen.

– Vi veit at den døgnopne krisetenesta vår med låg terskel og anonymitet gjer ein skilnad. Det er rett og slett livsviktig, seier Theis.

Sjølv om Kirkens SOS driv den største døgnopne tenesta i landet, er det ein av tre som ikkje får svar når dei tar kontakt. Derfor avsluttar Theis med å be fleire om å melde seg som frivillige. (©NPK)